Innlegg

Viser innlegg fra januar, 2024

I dag lurer eg på.....Tusenårsstaden

Bilde
 Kvifor er ikkje Urnes stavkyrkje Luster sin Tusenårsstad ? Uten å ville rakke ned på den staden som vart valgt den gang attende rundt overgangen til 2000, så er det meg ei gåte at stavkyrkja på Urnes kunne bli forbigått. Kyrkja nærmer seg 900 år gamal, og var ein av dei første norske objekt som havna på UNESCO si verdsarvliste tilbake i 1979. Nå skal det endatil byggast eit verdsarvsenter der (forhåpentligvis), som kan ta imot dei stadig større mengdene med turistar fra heile verda.  Norsk byggeskikk har ikkje sååååå mange bidrag til verdas arkitektur, og langt dei fleste av våre over 1000 stavkyrkjer er forlengst jamna med jorda. Eller gått opp i røyk. Våre få attværande stavkyrkjer er sanneleg noko å ta vare på, og dei fortjener all den merksemd dei kan få.  Vel, nokon vil kanskje hevde at Urnes ligg i ein utkant av kommunen, og at det derfor ikkje høver som Tusenårsstad? Det synes å være eit merkverdig argument, iallfall når ein tenker på kor mange andre "bortgøymte" sta

I dag lurer eg på.....VM i sykkelkross....

Bilde
 Til helga er det eit av årets høgdepunkt innan vinteridrett. Neida, det er ikkje eit eller anna skirenn i ein bortgøymt skog, ei heller eit alpintrenn nedi Alpane ein stad. Den første helga i februar er nemleg tida for årets VM i cyclocross, eller sykkelkross som vi kaller det på norsk. Det eg lurer på i dag: Kvifor er det ingen norske utøvarar som er med? Den stolte vintersportnasjonen Norge sender altså ingen deltakarar til det som er eit stort arrangement, om enn litt sært, det skal innrømmast. Cross er ein slags mellomting av landevegssykling og terrengsykling, og sesongen er i hovedsak fra oktober til februar. Den er mest populær i Belgia og Nederland, men stammer fra Frankrike. Konkurransane foregår på rundbaner, der syklistane må forsere ein del hinder av ulike slag, og under mildt sagt varierande tilhøve.  Konkurransetid er fra ca. 40 minutt for kvinner junior, og opp til ca. 60 minutt for menn elite. Til helgas VM er det seks klassar, junior, U23 og elite for begge kjønn, sam

I dag lurer eg på...........Det amerikanske valget

Korleis kunne verdas mektigaste land ende opp med å risikere fire nye år med ein halvfascistisk idiot som president? Det er å håpe at ein av dei dummaste statsleiarar den siviliserte verda har sett på mange år aldri kjem til makta att, men det er altså ein viss risiko for at Donald Trump, ifall noko lurte, vert innsatt som president i USA neste januar. Og eg lurer heilt seriøst på korleis i all verda det er mogleg? Korleis havna vi, eller rettare, USA her? Eg er ingen ekspert på amerikansk politikk, men det må være eit eller anna rart med valgsystemet når vi berre har to (svake) parti som overhovudet har sjanse til å styre dette enorme landet. Topartisystem er forsåvidt ikkje noko eineståande for USA, vi treng ikkje lenger enn over Nordsjøen for å finne noko liknande i Storbritania, men der har det iallfall vore innslag av andre politiske parti. I USA fins det to parti som dominerer ALT, samt eit mylder av mikroparti som omtrent ingen veit om, og som ikkje har ein sjanse i havet til å

I dag lurer eg på......."Makta"

Bilde
Oppdatert 12.2.2024: Da er denne fantastiske serien over. NRK har igjen bevist at dei ER den beste i klassen, når dei berre gidder. Fjernt fra kakebaking, maskerte/umaskerte halvkjendiser som synger, har vi denne vinteren latt oss imponere over den beste norske dramaserie eg kan huske å ha sett.  Vel, nå har eg kanskje ikkje gidda å sjå så mange norske dramaserier da.... Men det eg lurer på nå: Kjem det fleire sesongar? AP ser ut til å være ein oase av slike intrigar og som vi veit er ikkje politikk nokon barnehage, kanskje spesielt i AP. Men det var nok av intriger i AP også etter 1981. Ikkje minst på 1990-talet, og kven veit om det ikkje kan gravast fram ein og anna historie fra denne sida av årtusenskiftet også??? Intrigane og maktspelet stoppa som kjent ikkje der som "Makta" slutta, og vi fikk eit virkelig fint innblikk i det denne helga. Oppi Trøndelag var det visst eit kupp/demokrati (alt etter kven du spør), nå i helga. For oss som ikkje stemmer AP var dette årsmøtet i

I dag lurer eg på..... Israel/Hamas-konflikten

Bilde
Da starter ein ny serie. Den vil være om ting eg lurer på. Det er eigentleg veldig mykje, så det får bli tema alt etter humøret. I dag lurer eg eigentleg på korleis det er mogleg å forsvare det som skjer nede på Gaza. Såklart er det ingen der nede som bryr seg om kva eg måtte meine, det er sikkert ingen her til lands heller, men ein må jo få lov til å meine noko for det. Det forundrer meg stort at det her heime i trygge Norge sit personar som meiner at Israel er i sin fulle rett til å forsvare seg.   ("Med Israel for fred". Hadde eg ikkje visst bedre, så hadde eg trodd at det var ironisk meint) Joda, ingen er vel uenige i at Israel, eller einkvar annan suveren stat for den saks skuld, må få lov til å forsvare seg. Men måten det blir gjort på.....med nedsslakting av sivile, kvinner, barn og uskuldige.....det er ikkje å forsvare seg. Det er uhyrlige overgrep mot ein ytterst svakare part.  Gazastripa i seg sjølv har vore ein kime til konfliktar i mange år, på samme måte som opp

Nidkjær parkeringsvakt

 Joda, eg har fått mine parkeringsgebyr. Helst fra den tid eg bodde i Oslo, men også i Bergen, Sogndal og merkeleg nok også på Voss. Vel, eg har i alle tilfelle ikkje hatt andre enn meg sjølv å klandre. Parkerer ein over tida, eller på ein måte som ikkje er i samsvar med dei lokale reglar, så får ein finne seg i det. Men det møtet vi hadde med ein parkeringsvakt i Førde, onsdag 24.1.2024, det slår det meste. Min mor, som ikkje er noko ungdom lenger, var på sjukehuset for å fjerne ein "snill" sak på nesa, og eg var med som sjåfør. Inngrepet gikk greit, men som ofte er i Førde, så pøsregna det. Sidan bilen stod borte på pasient/besøkande parkeringa, så sa eg til min mor at ho fikk vente under halvtaket på parkering for rørslehemma, så skulle eg komme forbi og hente ho. Lengst borte fra inngangspartiet, så var det ein ledig parkeringsplass der eg kunne plukke ho opp. Eg henta bilen min, og køyrde bort der min mor stod. Eg gikk ut, opna døra for ho, og satte meg bak rattet att. D

Terrifier 2 - filmomtale

Bilde
Vel, vel, vel, vel....... Det fins virkelig ein grunn til at nokre filmer får 18-års grense. Terrifier 2 vart sluppen laus på verda høsten 2022, men eg har ikkje fått sjansen/gidda å sjå denne brutale saken før nå på nyåret 2024. Gikk eg glipp av noko? Joda, i det minste umåtlige mengder ultrabrutale drap, samt diverse nye måter å benytte kvardagsgjenstander på, så som bleikemiddel, salt, gaffel, skruer....og you name it. Terrifier 2 er ikkje for kven som helst. Ein bør DEFINITIVT ha sans for ekstremvoldsfilmer for å ha ein smule utbytte av dette. Klovnen Art får Pennywise fra It til å sjå ut som Ronald McDonald. Filmen er tilgjengelig som kjøp/lei på Viaplay. Den første Terrifier er tilgjengelig på Prime. Handling: Vi befinn oss umiddelbart etter slutten av den første Terrifier-filmen, som faktisk er den andre i rekka (meir om det seinare). Den gale skrekklovnen Art er frakta til likhuset for nærare undersøking, han skaut jo seg sjølv i hovudet på slutten av den forrige filmen må vi