I dag lurer eg på...........Det amerikanske valget

Korleis kunne verdas mektigaste land ende opp med å risikere fire nye år med ein halvfascistisk idiot som president?

Det er å håpe at ein av dei dummaste statsleiarar den siviliserte verda har sett på mange år aldri kjem til makta att, men det er altså ein viss risiko for at Donald Trump, ifall noko lurte, vert innsatt som president i USA neste januar.

Og eg lurer heilt seriøst på korleis i all verda det er mogleg? Korleis havna vi, eller rettare, USA her?

Eg er ingen ekspert på amerikansk politikk, men det må være eit eller anna rart med valgsystemet når vi berre har to (svake) parti som overhovudet har sjanse til å styre dette enorme landet. Topartisystem er forsåvidt ikkje noko eineståande for USA, vi treng ikkje lenger enn over Nordsjøen for å finne noko liknande i Storbritania, men der har det iallfall vore innslag av andre politiske parti. I USA fins det to parti som dominerer ALT, samt eit mylder av mikroparti som omtrent ingen veit om, og som ikkje har ein sjanse i havet til å få politisk innflytelse heller. 

Det er for oss utanforståande ganske så fascinerande å sjå at høstens presidentvalg vil (igjen) stå mellom to gamle menn.
Den eine er allereie den eldste president i USA si historie, men alder åleine er ikkje ein diskvalifiserande eigenskap. Vårt eige formelle statsoverhovud er jo enda eldre.

Den andre, og dessverre høgst sannsynlege, kandidaten er altså ein komplett idiot. Ein halvfascist (minst) som bruker bøllemetoder mot alle han anser som sine politiske motstandarar. Ein mann som pr. nå står tiltalt for over 90(!!) lovbrot i fire forskjellige saker. I kva anna vestleg demokrati er noko slikt mogleg, dvs. at vedkommande kan bli statsleiar att?

Ingen, som eg kjem på.

Trump sin kopi i Brasil vart valgt ut i fjor, og i dag er det ingen som trur at Bolsonaro vil komme att på den politiske scena i denne enorme søramerikanske landet. Men i USA, der ser originalen ut til å kunne gjere comeback, utruleg nok. 


Dei første fire åra under Trump var ei oppvisning i korleis ein openbart inkompetent mann kan operere i eit verv han er heilt uskikka til. Ikkje kunne han noko som helst av det han skulle, og vi risikerer at dette skjer i fire år til, minst. Å herre.
Kanskje er den dystopiske filmen som er på trappene, nærare enn vi trur? Skal vi tru ei mengde republikanske stemmer, så er dette meir aktuelt enn vi liker. 

I utgangspunktet kunne eit passande hjerteinfarkt vore ei ideell løysing, men vi skal jo ikkje ønske folk døde. Vi får heller håpe at Trump ikkje berre mobiliserer sine eigne ekstreme tilhengarar, men enda meir at dei liberale kreftene ser korleis det kan gå ifall idioten blir president igjen. 

Så der har vi det: Korleis havna USA her? I valget mellom to gamle menn til å styre, der den eine er heilt ute i ba-bu land.....det lurer eg på i dag.
Valgsystemet i USA er eit forunderleg fenomen når velgarane i praksis kun har to reelle valg for kven som skal styre verdas største økonomi, og verdas mektigaste militærmakt dei næraste fire åra.

I morgon lurer eg sikkert på noko heilt anna. Øyagata kanskje? Klimaet? EU? Ukraina? Vestland fylke? Velodromen i Asker? Sydenturar? Domstolreformen? 

Kven veit.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden