I dag lurer eg på.....VM i sykkelkross....

 Til helga er det eit av årets høgdepunkt innan vinteridrett.

Neida, det er ikkje eit eller anna skirenn i ein bortgøymt skog, ei heller eit alpintrenn nedi Alpane ein stad.

Den første helga i februar er nemleg tida for årets VM i cyclocross, eller sykkelkross som vi kaller det på norsk.

Det eg lurer på i dag: Kvifor er det ingen norske utøvarar som er med?
Den stolte vintersportnasjonen Norge sender altså ingen deltakarar til det som er eit stort arrangement, om enn litt sært, det skal innrømmast.

Cross er ein slags mellomting av landevegssykling og terrengsykling, og sesongen er i hovedsak fra oktober til februar. Den er mest populær i Belgia og Nederland, men stammer fra Frankrike. Konkurransane foregår på rundbaner, der syklistane må forsere ein del hinder av ulike slag, og under mildt sagt varierande tilhøve. 
Konkurransetid er fra ca. 40 minutt for kvinner junior, og opp til ca. 60 minutt for menn elite.

Til helgas VM er det seks klassar, junior, U23 og elite for begge kjønn, samt ein stafett som køyrer i gang heile opplegget på fredag.

Sjølv om du neppe har høyrt om sykkelkross i det heile tatt, så er det eit rimeleg stort arrangement som ventar oss. Det går av stabelen i Tsjekkia, nærare bestemt i Tabor, som er årleg stad for verdscuparrangement, og i år altså VM.

Det er påmeldt 312 deltakarar fra 26 land, der dei største nasjonane har med gjerne 20 og endatil over 30 deltakarar kvar. Våre danske naboar har med sju, Sverige tre, og Finland ein. 

Men det eg altså lurer på; Kvifor er det ingen norske med? Vi pleier gjerne å ha med ein deltakar eller to til VM eller EM, men i år; Ingen.
Det er skuffande. Såklart har norske crossyklistar null vinnarsjanse, men kanskje dei kunne komne seg gjennom ein konkurranse utan å bli tatt att med ein runde, berre det hadde vore ein prestasjon! I allfall i eliteklassane, der favorittane er i ultraklassen endatil på landeveg/terrengsykkel.

Uansett om norske utøvarar hadde hatt null vinnarsjanse, så kunne det kanskje vore ein inspirasjon til å få fleire med på denne litt sære greina av sykkelsporten. Sykkelkross er nemleg svært publikumsvenleg, konkurransane varer ikkje heile dagen, og det skjer alltid noko uforutsett. Det er ikkje som på landevegen der syklistane trillar avgarde i timevis, og så skjer det ikkje noko før dei siste to minuttane. I cross skjer det noko heile den tida konkurransen varer; Tekniske problem med kjedet, ein velt her, ein punktering der.....og igjen: Det varer ikkje meir enn maks ein time. 

Det er synd at det ikkje er med norske syklistar, når vi kan finne deltakarar fra Finland, Romania, Albania, Costa Rica og Chile. Problemet er vel berre at NCF (Sykkelfobundet) ikkje har pengar. Så derfor; Hvis eg vinner hovedgevisnten på ein miliard i Eurojackpot ein gang, så skal eg sponse dei, slik at vi har med norske deltakarar i sykkelkross-VM til neste år.





Vel, sjølv om det ikkje er med norske deltakarar til helga, så skal eg få med meg alt som går på TV. TV2 sender direkte, berre så det er sagt. Ta ein kikk da vel, dette er vinterens gøyaste idrett!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden