I dag lurer eg på.....Tusenårsstaden

 Kvifor er ikkje Urnes stavkyrkje Luster sin Tusenårsstad?

Uten å ville rakke ned på den staden som vart valgt den gang attende rundt overgangen til 2000, så er det meg ei gåte at stavkyrkja på Urnes kunne bli forbigått.


Kyrkja nærmer seg 900 år gamal, og var ein av dei første norske objekt som havna på UNESCO si verdsarvliste tilbake i 1979. Nå skal det endatil byggast eit verdsarvsenter der (forhåpentligvis), som kan ta imot dei stadig større mengdene med turistar fra heile verda. 

Norsk byggeskikk har ikkje sååååå mange bidrag til verdas arkitektur, og langt dei fleste av våre over 1000 stavkyrkjer er forlengst jamna med jorda. Eller gått opp i røyk.
Våre få attværande stavkyrkjer er sanneleg noko å ta vare på, og dei fortjener all den merksemd dei kan få. 

Vel, nokon vil kanskje hevde at Urnes ligg i ein utkant av kommunen, og at det derfor ikkje høver som Tusenårsstad? Det synes å være eit merkverdig argument, iallfall når ein tenker på kor mange andre "bortgøymte" stader som er valgt ut til Tusenårsstad rundt om

Fos oss som bur i kommunen er muligens Urnes ein utkant, men det er altså ein attraksjon som trekker til seg folk fra heile verda. Det er for meg soleklart at Urnes Stavkyrkje burde vore Luster sin Tusenårsstad.

Som alternativ kunne den flotte steinkyrkja i Luster vore aktuell, eller kvifor ikkje Turtagrø, Fanaråken, Feigefossen, Munthehuset, Molden eller Nigardsbreen?

Det vi altså havna opp med var ein samlingsstad for leik og moro, greit nok, men igjen; Korleis Urnes stavkyrkje kunne bli forbigått er uforståeleg. 
Det kunne vore moro å lese argumentasjonen fra den gang vedtaket vart gjort. 

Om det er mogleg å endre kva som er ein Tusenårsstad?
Har ingen aning. 
Det burde i såfall vore gjort for lenge sidan.



Det lurde eg på i dag. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden