Nidkjær parkeringsvakt

 Joda, eg har fått mine parkeringsgebyr. Helst fra den tid eg bodde i Oslo, men også i Bergen, Sogndal og merkeleg nok også på Voss.

Vel, eg har i alle tilfelle ikkje hatt andre enn meg sjølv å klandre. Parkerer ein over tida, eller på ein måte som ikkje er i samsvar med dei lokale reglar, så får ein finne seg i det.

Men det møtet vi hadde med ein parkeringsvakt i Førde, onsdag 24.1.2024, det slår det meste.

Min mor, som ikkje er noko ungdom lenger, var på sjukehuset for å fjerne ein "snill" sak på nesa, og eg var med som sjåfør.

Inngrepet gikk greit, men som ofte er i Førde, så pøsregna det. Sidan bilen stod borte på pasient/besøkande parkeringa, så sa eg til min mor at ho fikk vente under halvtaket på parkering for rørslehemma, så skulle eg komme forbi og hente ho. Lengst borte fra inngangspartiet, så var det ein ledig parkeringsplass der eg kunne plukke ho opp.

Eg henta bilen min, og køyrde bort der min mor stod. Eg gikk ut, opna døra for ho, og satte meg bak rattet att. Dette tok ca. 20 sekundar. Da vi var i ferd med å rygge ut, så dukka ein parkeringsvakt opp fra det store intet. Han gjorde tegn til å ville snakke med meg, og spurde etter handikappbeviset mitt. Det har eg jo ikkje, og nå var vi i ferd med å reise.
Men først måtte han skrive ut ei bot til meg.

What?

Eg hadde stått der i 20 sekundar, maks eit halvt minutt, og det var ikkje ein gang parkering, det var av/påstigning.
Eg forklarte at eg stått der i maks eit halvt minutt, i det ærend for å plukke opp min 86 år gamle mor, og at noko gebyr ikkje vart aktuelt.

"Køyr da. Du har stått der i over ti minutt"

Vi har altså å gjere med ein parkeringsvakt som står og lyg meg opp i trynet. Eg lever godt med at han var sur og gretten, men ikkje at han lyg. Hadde eg stått der i nokre minuttar, vore vekke fra bilen m.m så skulle eg tatt imot gebyret, men når eg er der for å plukke opp ein nyoperert 86 år gamal pasient i plaskregnet, så er det IKKJE ok. Eg gikk ut av bilen for å opne døra for mor, og heile seansen tok altså maks 30 sekundar. 


Såvidt eg fikk med meg, så droppa han gebyret. Hadde eg vitterleg parkert som ein idiot, på rørslehemmaparkeringa, så skulle eg tatt imot gebyret. Men når han attpåtil LYG i sin jobb som parkeringsvakt, da er begeret fullt. Slikt går f**n ikkje an.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden