I dag lurer eg på..... Israel/Hamas-konflikten

Da starter ein ny serie.

Den vil være om ting eg lurer på.
Det er eigentleg veldig mykje, så det får bli tema alt etter humøret.

I dag lurer eg eigentleg på korleis det er mogleg å forsvare det som skjer nede på Gaza. Såklart er det ingen der nede som bryr seg om kva eg måtte meine, det er sikkert ingen her til lands heller, men ein må jo få lov til å meine noko for det.

Det forundrer meg stort at det her heime i trygge Norge sit personar som meiner at Israel er i sin fulle rett til å forsvare seg.  ("Med Israel for fred". Hadde eg ikkje visst bedre, så hadde eg trodd at det var ironisk meint)

Joda, ingen er vel uenige i at Israel, eller einkvar annan suveren stat for den saks skuld, må få lov til å forsvare seg. Men måten det blir gjort på.....med nedsslakting av sivile, kvinner, barn og uskuldige.....det er ikkje å forsvare seg. Det er uhyrlige overgrep mot ein ytterst svakare part. 

Gazastripa i seg sjølv har vore ein kime til konfliktar i mange år, på samme måte som opprettinga av staten Israel var det i si tid. At det nokon gang skal bli fred i dette området, høyres kanskje uoppnåeleg ut, men det samme sa dei nok om Israel og den i si tid svært så krigerske nabo Egypt også. Det er alltids eit håp.

Sidan staten Israel vart oppretta for over 75 år sidan, så har landet vore i konflikt med sine naboar omtrent konstant. At landet eksisterer den dag i dag, skuldast eine og åleine USA. Utan deira beskyttande hand, så hadde Israel vore fjerna fra kartet forlengst. Smått ironisk, all den tid da Israel har vore det einaste fungerande demokratiet i Midtausten i mange tiår. Eit slags demokratisk fyrtårn i eit område med diktatur og einevelde på alle kantar.

Dette "fyrtårnet" er også ei krigsmaskin, med kanskje den beste hær på kloden. Noko som er fullt forståeleg, med slike naboar, og med ein slik mektig beskyttar. 

Uansett kor ille naboar du har, og uansett kor mektig krigsmaskin du er; Det å slakte kvinner og barn er ikkje krig. Dette er ein barbarnasjon si framferd. Det er ikkje sjølvforsvar å fordrive hundretusenvis av sivile på flukt, innafor eit område på 365 km2. Til samanlikning er Luster kommune over sju ganger så stort.


Vel, her er det altså. Palestina slik som mange stater (138 stk)  har annerkjent det, men ikkje Norge såklart. Den vesle rosa biten over Luster er da Gazastripa, der IDF har gått amok i nokre månader nå. Det større rosa feltet over Valdresflya, Vågå og Dovre er Vestbredden.
Og ja, skalaen er korrekt.




Nei, det er ikkje eit folkemord som pågår, men det er definitivt ei slags fordriving av ei heil folkegruppe. Under påskot av å skulle ta terroristar, som jo Hamas er, så slakter krigsmaskina uskuldige i tusentall.
Ein sivilisert nasjon driv ikkje med slikt.

Igjen: Korleis er det mogleg å forsvare dette barbariet som Israel påfører eit heilt folk?
Svaret må være at du ikkje evner å sjå fleire sider av saka, slik som denne smartingen fra Frp.

Nei, det er ikkje jødehat eller antisemittisme å påstå at Israel begår overgrep mot ei uskuldig sivilbefolkning. Det burde tvert om være ei plikt å sei ifra.

Så sjølv om ingen bryr seg om kva ein halvgammel mann i Luster måtte meine, så lurer eg iallfall på korleis det er mogleg å forsvare slike krigsbrotsverk som vi ser dagleg på Gaza. 

Igjen: Eg berre lurer. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden