Terrifier 2 - filmomtale

Vel, vel, vel, vel.......
Det fins virkelig ein grunn til at nokre filmer får 18-års grense.

Terrifier 2 vart sluppen laus på verda høsten 2022, men eg har ikkje fått sjansen/gidda å sjå denne brutale saken før nå på nyåret 2024. Gikk eg glipp av noko? Joda, i det minste umåtlige mengder ultrabrutale drap, samt diverse nye måter å benytte kvardagsgjenstander på, så som bleikemiddel, salt, gaffel, skruer....og you name it.

Terrifier 2 er ikkje for kven som helst. Ein bør DEFINITIVT ha sans for ekstremvoldsfilmer for å ha ein smule utbytte av dette. Klovnen Art får Pennywise fra It til å sjå ut som Ronald McDonald.

Filmen er tilgjengelig som kjøp/lei på Viaplay. Den første Terrifier er tilgjengelig på Prime.


Handling:
Vi befinn oss umiddelbart etter slutten av den første Terrifier-filmen, som faktisk er den andre i rekka (meir om det seinare). Den gale skrekklovnen Art er frakta til likhuset for nærare undersøking, han skaut jo seg sjølv i hovudet på slutten av den forrige filmen må vite!
Men det å få eit hol gjennom skallen ser ikkje ut til å stoppe denne drapsmaskina, for skulle du sett; Jammen våknar han til, og knerter obdusenten på fantasifullt vis. De veit; Inne på eit obduksjonsrom finner ein jo mange nyttige redskap. Dernest er det særs viktig å vaske sitt blodstenkte klovneantrekk på næraste vaskeri.

Deretter hopper vi fram eitt år, til neste høst sin Halloween-markering. Vi blir kjent med søskenparet Jonathan og Siena. Jonathan er kanskje berre 12 år, men sterkt fascinert av den gale klovnen som tok livet av ni menneske året før. Kanskje Art framleis er der ute ein stad? Søskenparet si påtrengande mor derimot, har lite sans for sine håpefulle sine Halloween-førebuingar, spesielt det at Siena skal på fest i eit slags Amazoneantrekk inspirert av deira avdøde far. 

Fram mot Halloween-kvelden, så får vi være med søskenparet på skulen, der vi tidleg vert kjent med dei som GARANTERT blir knerta i løpet av filmen, samt Jonathan sine venner og deira funn bak ein søppelcontainer.

Vel, ein kjedelig brann gjer at Siena må improvisere og handle nye deler til antrekket sitt på næraste kostyme-butikk. Ein mann i identisk ART-antrekk er også på handel, og er venlig nok til å hjelpe Siena med attgløymt veske. Det spørs om ikkje denne Art-etterligninga kanskje er litt FOR lik originalen til å berre være ein kopi?

Festkvelden kjem, og trick and treat folket samler inn godteri fra dør til dør. Normalt er det stort sett barn, men her dukkar det opp ein skikkelig skummel fyr i klovneantrekk også. I sekken sin har han ikkje knask, men utstyr til å lage onde knep; Baufil, øks, sag, skrutrekkar, syl, øks....Dei skal alle komme til heftig bruk utover i filmen.


Og slik går det så gjennom to timar og eit kvarter: Art lemlester, flår, skalperer, spidder, skyter, knivstikk, og generelt slakter seg gjennom ein heil forstad. Fantasien er omtrent grenselaus i korleis han tek livet av sine offer, eg har i hvertfall aldri sett maken, og eg tør påstå at eg har sett svært mange skrekk og voldsfilmer.

Skummelt?
Nei. 
Grotesk?
Til dei grader.
Om eg lo?
Jepp.

Sjølv om dette er ein horrorfilm, så må ein ta det for det slakteriet det er. Dette er vår moderne tids slasher, på eit heilt nytt nivå. Referansane til regissør Damien Leones sine inspirasjoner er mange, og hvis ein har sett skrekkfilmar før, så er det masse å humre gjenkjennande over her. 

For ABSOLUTT alle andre derimot.... dette MÅ de styre unna. Voldsromantikken er tatt til eit heilt nytt nivå i Terrifier 2, om enn ingen kan overgå akkurat DEN scena fra den første Terrifier. Dei som har sett den, veit kva eg snakker om.

Terrifier 2 er den tredje i serien om skrekklovnen Art. Den første, fra 2013 heitte All Hallows Eve, og det var altså her at Art The Clown vart kjent for første gang. Denne fikk stort sett være i fred, så det var først med Terrifer fra 2016 at klovnen fikk eit publikum. Innspelt på skolissebudsjett, vart imidlertid den ein stor suksess, spesielt grunna den nye skodespelaren bak maska, mimeartisten David Howard Thornton. Så i 2022 kom denne drapsorgien, Terrifier 2, igjen med Thornton i rolla som Art. 

Ein slik film hadde aldri blitt tillatt vist på norske kinoar for nokre tiår sidan, men ting har endra seg. Heldigvis. Dette er rein underholdning, for oss som synes skrekk, slasher og horror er tingen. Alle andre vil synes dette er ein meiningslaus voldsorgie. Til dei kan eg berre sei at Terrifier 2 har blitt ein stor suksess, og har tjent inn det vesle budsjettet på 250 000 USD mange ganger. Dessuten er Terrifier 3 på gang. 

Men er det ein god film?
Tja, noko er veldig bra, men andre ting burde og skulle vært utelukka. Filmen er for det første minst ein halvtime for lang. Eit par teite drømmesekvensar, samt det overnaturlege elementet kunne med fordel vore kutta ut. Forutan dette, så er Terrifier 2 eit særs underholdande voldsepos på eit heilt nytt nivå.
Men igjen; Dette er ikkje ein film for kven som helst. Fans av Love Actually kan trygt styre unna.

Forresten: Sjå gjennom rulleteksten på slutten.


Høgdepunkt: Når Siena bruker Art si heimelaga klubbe, med pent monterte skruar, knivar og gaflar.

Lavmål: Den altfor lange drømmesekvensen fra eit slags barne-TV studio. Idiotisk. Hadde det ikkje vært for dette, så hadde filmen fått eit auge til på terningen.



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden