I dag lurer eg på......."Makta"

Oppdatert 12.2.2024:
Da er denne fantastiske serien over. NRK har igjen bevist at dei ER den beste i klassen, når dei berre gidder. Fjernt fra kakebaking, maskerte/umaskerte halvkjendiser som synger, har vi denne vinteren latt oss imponere over den beste norske dramaserie eg kan huske å ha sett.  Vel, nå har eg kanskje ikkje gidda å sjå så mange norske dramaserier da....

Men det eg lurer på nå: Kjem det fleire sesongar?

AP ser ut til å være ein oase av slike intrigar og som vi veit er ikkje politikk nokon barnehage, kanskje spesielt i AP.
Men det var nok av intriger i AP også etter 1981. Ikkje minst på 1990-talet, og kven veit om det ikkje kan gravast fram ein og anna historie fra denne sida av årtusenskiftet også???

Intrigane og maktspelet stoppa som kjent ikkje der som "Makta" slutta, og vi fikk eit virkelig fint innblikk i det denne helga. Oppi Trøndelag var det visst eit kupp/demokrati (alt etter kven du spør), nå i helga.

For oss som ikkje stemmer AP var dette årsmøtet i Trøndelag i grunn ganske så underholdande, og verdt ein heil episode i "Makta" sesong 18. Når vi trudde at eit politisk parti ikkje kunne drive sjølvskadinga si lenger, så klarer dei jammen det. Som sagt: Underholdande, nesten på nivå med ein episode i "Makta".

Dessverre har ikkje produksjonsselskapet umiddelbare planar om fleire sesongar av "Makta", men la oss leve i håpet. Kven skulle vel tro at noko så "kjedelig" som politikk kunne bli dramatisert over til noko så bra?

Igjen; Den beste norske TV-serien på mange år!

***************************************************

 .......kvifor folk blir så sure av ein TV-serie.

Eg har akkurat sett den nyaste episoden av NRK sin briljante serie "Makta".

At eg, som aldri har stemt på AP og GARANTERT ikkje kjem til å gjere det heller, skulle bli sittande å sjå på alle episodane om dette partiets maktkamp for 40+ år sidan, er eit bevis på at kvalitet matcher det meste.

"Makta" må være noko av det beste som er produsert av norske TV-seriar på svært mange år. Det er ein fantastisk motvekt til alt fjas med folk som skal synge (Med eller uten forkledning), danse, være idioter på ein avsidesliggande gard, meiningslause gameshows og you name it.

Joda, det er ein dramaserie, men den bygger vitterleg på faktiske hendelsar. Samanblandinga med 1970 og 1980-tallet, kombinert i dagens bybilde er smått genial. Hvis ein ikkje ser humoren i dette, så må du få deg eit liv.
Skodespelarane er fantastiske, spesielt må det framhevast "Gro", men og meir perifere figurar som "Førde", "Reiulf", samt den alltid gesjeftige møbelhandleren på Jessheim. Det er utruleg at ein forretningsmann på Romerike kunne drive sitt renkespel i årevis, i landets største og viktigaste parti. Slik er det vel når "Makta rår"?


Serien er rosa opp i skyene, ganske så fortjent, men såklart er det ein og anna sur nisse som reagerer negativt. Dei som slakter serien, og det er ikkje så mange, er stort sett gamle menn fra Arbeiderpartiet si stordomstid på 1970-talet. Det blir klaga over at Nordli blir framstilt tafatt, og at Bratteli gjerne verkar litt bortreist og lei av politikerlivet. Og det verste av alt: Einar Førde blir spelt av ein mann som ser utanlandsk ut, og som (O sjokk) snakker bokmål! At den same Einar også framstår som både smart og fornuftig i serien, med ein god sans for humor, er liksom ikkje så viktig. Han snakker bokmål, og DET er visst fy-fy.

Her er eit velmeint råd: Ta det som den underholdningsserien det er. Det er IKKJE ein dokumentar. Såklart kan det være kjedelig å bli påminna om70-tallets politiske sjøslag på toget til Trondheim, og at eins venner og kollegaer faktisk hadde....ja...sine feil.

Til opplysning: Ingen er feilfri. Heller ikkje i AP. Eller; DEFINITIVT ikkje i AP.

Så da kan eg oppsummere; Kvifor blir gamle AP-folk så snurt når deira parti blir framstilt på ein humoristisk måte, der dei faktisk blir framstilt som nesten normale folk, med sine feil og lyter? Eg nekter å tru at det var spesielt mykje bedre i andre politiske parti på den tid, men min erfaring er at ein ikkje må finne på å kritisere Partiet. (Nei, den utheva "P-en" er ikkje tilfeldig) Eg har blitt betegna som Judas, svikar og burde skamme meg, fordi eg har kritisert AP i rusdebatten. Kanskje dei burde sjå på seg sjølv først, spesielt i Nordland AP, som stemte "Nei" til rusreform på sitt landsmøte i 2021, før dei braut datidas strenge karantenereglar og drakk (masse) alkohol på hotellrommet....

Nei, kritikk mot dei politiske partia er liksom best når det rammer "dei andre" og ikkje ein sjølv, endatil om det er i ein tv-serie, basert på "løgn, sannhet og dårlig hukommelse".

Så da lurer eg virkelig på kva som er problemet; at "Førde" snakker bokmål, er det verkeleg noko å bry seg om? I filmen "Heroes of Telemark" snakka alle dei norske krigsheltane.....engelsk....

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden