Topptrimmen 2023-2025: Holmevassnosi

Here we go again, sang rockebandet Whitesnake for ca. 100 år sidan, og jammen er eg gått på enda ein runde av Topptrimmen igjen.
Topp nr. 51 sidan "bunken vart snudd" i 2008 og nr. 68 totalt, vart det som Luster Turlag beskriv som "ein av dei lettaste toppane i denne runden av Topptrimmen".

Holmevassnosi er beliggande i dei nordlege deler av kommunen, og startpunkt er fra parkeringsplassen i Fagredalen. Hvis du ikkje veit kor Fagredalen er, så er det altså opp fra Fåberg laaangt frammi Jostedalen.
Anleggsvegen fra kraftutbygginga på 1980-talet er ikkje den aller beste, men det er ingen problem for ein tohjulstrekt bil å ta seg opp til parkeringsplassen beliggande på ca. 1040 moh.

Holmevassnosi strekker seg 1653 moh, så da skulle ein vel tru at det ikkje vart så mange høgdemeter å forsere?

Fra parkeringsplassen, der det allereie var tre-fire bubilar fra ymse europeiske land parkert, er det dryge to km. til Holmevatnet på snaue 1300 moh. Det er ein mykje brukt og lett farbar sti til dette vatnet, og hvis ein vil, så kan ein alltids ta ein stopp på den fine hytta der. Herfra kan ein gå vidare til Arentzbu og nedover til Mørkridsdalen, men vi skulle jo på ein topp, så da får vi heller ta den turen ein annan gang....

Når ein er komen til Holmevatnet, så ser ein ikkje sjølve toppunktet dit vi skal, men derimot eit høgdedrag med oppført toppunkt 1519 moh. på kartet. Fra 1519 er det ca. 1,2 km. i luftlinje til Holmevassnosi. Vi gikk litt til venstre for dette høgdedraget, i eit terreng som må seiast å være greit å gå i. Ikkje for bratt, og ikkje for mykje ur. Vel oppe på venstresida av 1519, så ser ein lett sjå kor ein skal vidare, og det er høgdedraget til venstre ein skal gå mot. Ein ser ikkje varden og trigpunktet før ein kjem ganske så langt opp på høgdedraget, og DER er altså den raude kassen plassert. 

Nokre snøfenner her og der var det jo, vi snakker tross alt midten av juli enda, men det var null problem å ta seg opp. Som vanleg kan det være ein fordel å stoppe innimellom for å finne ein grei trase, men igjen; Dette ER ein grei topp å finne fram på. Berre hugs på at du skal til det venstre høgdedraget av dei to du ser, når du kjem fra Holmevatnet. Og såklart må ein ned att nokre høgdemeter, før ein kan ta seg opp på ein heller greit og flatt toppunkt.

Utsikta denne søndagen var veldig bra. 

Nesten vindstille var det også, kun ein liten trekk som var til velbehag for sveitte kroppar. 16-17 varmegrader, og utsyn 360 grader til haugevis med kjende toppar:
Tverrådalskyrkja, Smørstabbtindane, Skagastølstindane, Austabotntindane, Vangsen, Asbjørnsnosi, Hest, Kjenndalskruna, Lodalskåpa..... pluss haugevis med andre som eg ikkje veit navnet på, eller som eg hopper over i denne omgang.

Klipp i kortet, signering i boka, eg var nr. 16, og den siste av vårt følge på fem. Vi traff forresten sju andre topptrimmarar på turen også.

Ein matpause i finværet var på sin plass, og det er slett ikkje alltid det er like fint her oppe i fjellheimen. Så da må ein nytte høvet.
Turen nedatt er om mogleg enda lettare å finne fram fordi ein ser Holmevatnet store deler av turen. Om ein kjem ned att akkurat samme plass som ein gikk opp, er ikkje så viktig, men det kan være at ein må ta nokre små omvegar her og der, da det er nokre høgdeparti som ein må unngå. Dei er ikkje alltid like lette å sjå når ein kjem ovanfra. Nå til dags har jo gud og hvermann ein eller annan app på mobilen som gjer det enkelt å finne att spora. Så eigentleg er vel denne posten også unødvendig???

Fra Holmevasshytta og opp til Holmevassnosi var det totalt 2,7 km. å gå, slik at det vart altså 4,8 km å gå fra parkeringsplassen. Da gikk vi ei grei rute, og utan for mange omvegar. Vi brukte to timar og eitt minutt til topps fra parkeringsplassen, og mesteparten av dette gjekk med til å gå fra hytta til toppen. Her er det jo ikkje antydning til sti, men nokre venlege sjeler har satt nokre vardar her og der, bl.a. ein lett iaugefallande når ein står ved hytta. Den er lett å sjå, heilt mot horisonten oppe på høgdedrag 1519. Eit nyttig tips er altså å finne ei rute opp mot denne varden.

På veg nedatt så stoppa vi ved hytta, da dette er ein svært fin plass. Holmevatnet var framleis mykje isdekt, det er svært korte somrar her opp i Breheimen.

Dessutan er det gamle dyregraver  i dette området, samt at det er veldig fin utsikt nedatt mot Fagredalen. Konklusjon: Alltid verdt å ta ein ekstra stopp her!

Dei to km. nedatt til bilen er greit å gå, så sant ein ikkje har alt for vondt i knea da, eit problem som verkar til å bli verre og verre. Ein slik "lett tur" burde ikkje medføre slike plager.

Vi var borte fra bilen i ca. fem timar, og det inkluderer alle pausar og stopp. Konklusjon nr. 2 er altså at det var ein grei og fin start på denne bolken av Topptrimmen. 
Totalt gikk vi 9,9 km, og høgdemetrane skulle bli adskillig fleire enn eg rekna med; 989 av sorten,  skjønt det verka ikkje slik. Trudde det var færre. 

Overkommeleg og fin fjelltur, i fantastisk landskap, med utsikt i milevis på ein slik fin sommardag.

Lukke til.

Foto:



Utsikt ned mot Fagredalen,og hvis ein zooomer veldig inn, så ser ein sikkert bubilane nede på parkeringsplassen....



Oppe på Holmevassnosi tok eg ei rekkje bilder, altfor mange til å legge inn her. Den markerte svarte "dobbeltoppen" til venstre i horisonten, er da Tverrådalskyrkja, grensetopp mot Skjåk, og ein seinare topp i Topptrimmen. Litt til høgre for midten ser vi Smørstabbtindane i Lom.



Fra Holmevassnosi på 1653 moh, og nedatt mot Fagredalen nærast,
og sjølve Jostedalsbreen på motsatt side. Vi ser bl.a. der som brefallet mot Bergsetbreen byrjar. 
 Det er framleis ein del snø att oppe på breplatået.


Holmevasshytta. Til venstre langs vatnet går den merka til stien til Arentzbu, men dit skal du ikkje gå dersom du skal på Holmevassnosi :-)

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden