Ein tur med toget: Ålgårdbanen

Tidlegare har eg nevnt nedlagte jernbaner i folkerike område i Grenland og utanfor Bergen, men dette er ikkje dei einaste stadene der det i dag ville vore eit heilt greit befolkningsgrunnlag for jernbaner. 
Rett sør for Sandnes finn vi Ålgård, og der hadde dei eiga jernbane i si tid.

Ålgårdbanen er enda ein av Sørlandsbanens mange sidebaner, nå som ein del av den såkalla Jærbanen mellom Stavanger og Flekkefjord. 
Dei 12 km. med sidebane var også tenkt som ein del av ein framtidig jernbanetrase ned mot Sørlandet og den planlagde Sørlandsbanen. Da Ålgårdbanen vart bygd, for 100 år sidan, så var nemleg ikkje traseen fra Stavanger og mot Oslo endeleg fastsatt.

Men som vi alle veit, så havna Sørlandsbanen utanfor Ålgård, og ein sat att med ei enkel sidebane.



Ålgårdbanen hadde dei første tiåra ganske så hyppig trafikk med passasjertog, faktisk var det heile ti daglege avganger fram til nedlegginga av persontrafikken i 1955. Deretter fortsatte godstrafikken, med stadig mindre volum, fram til 1988. Da fikk Ålgårdbanen, som så mange andre sidebaner på den tid, dødsstøtet. Framleis er den ikkje formelt nedlagt visstnok, men trafikken er "innstilt" som det så fint heiter.

I praksis er dog bana nedlagt, for fleire stader er sviller og skinner heilt fjerna. Det står att tre km fra Ganddal og i retning mot Ålgård, der det går eit og anna godstog innimellom. 

Sidan nedlegginga har Ålgård sitt folketall auka godt, og det har vore ein viss politisk interesse i regionen for å gjenopne Ålgardbanen. Sjølvsagt vil det koste ein milliard eller to, og det viser vel kor korttenkt ein var den gang ein berre "innstilte" trafikken på slutten av 1980-talet, istaden for ei oppgradering.

Det er ellers verdt å legge merke til at ein av landets viktige Europaveger, E39, har "blomstra" sidan nedlegging av jernbana. Det er enda ein gang ei stadfesting på korleis våre politikarar prioriterer.

På den andre sida skal det også nemnast at jernbana i Stavanger/Sandnes-området har fått ei solid oppgradering siste tiåra, men det er også heilt klart at den gamle Ålgårdbana burde fått sin del av budsjettet.

Joda, det pågår ein viss diskusjon om Ålgårdbanens gjenopning, men om det fins politisk vilje til å bruke så mykje penger på denne nedlag....sorry, INNSTILTE jernbanebiten....det tviler eg på.

Ålgårdbanen er enda ein desse korte jernbanestrekningane som aldri vart oppgradert og utnytta til det den kunne ha vore; Eit effektivt transportmiddel gjennom og inn til eit tett befolka område i sterk vekst.

Det er ei mager trøst at det ikkje er slutt med dette. Eg har sett på nedlagdte baner utanfor Bergen, i Grenlandsområdet og nå altså Stavanger/Sandnes, men det står framleis att nokre små nedlagde strekningar som definitivt burde og skulle hatt livets rett. Hvis våre politikarar gadd å satse på jernbanen.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Vi er i ferd med å gå grundig lei av.....