Ein tur med toget: Brevikbanen

Tidlegare i denne spennande serien har vi tatt opp nedlagte jernbaner i Hardanger og i Os, samt ein utdatert strekning til Gjøvik som burde vore forlenga til Lillehammer for 100 år sidan.

I dag skal vi snakke litt om ein jernbanestrekning som faktisk ligg der, som er i bruk, som ligg i eit tett befolka område.....og som ikkje har frakta passasjerer på over 50 år.

Vi snakker om Brevikbanen fra (surprise!!) Brevik til Porsgrunn, i det som snart skal bli Telemark igjen. (God bruk av offentlige kroner å splitte opp igjen Telemark og Vestfold, idioter)

Brevikbanen vart bygd som ei smalspora strekning på slutten av 1800-talet, men fikk normalspor ca. 30 år seinare, og deretter elektrifisert i 1949. Deretter fant nokre luringar på at bana måtte leggast ned....i det minste vart persontrafikken fjerna allereie fra 1964, og endelig fra 1968.

Sidan den gang har trafikken bestått utelukkande av godstog på den ca. 10 km. lange bana.




Det som er så trist, er at Brevikbanen ligg der den dag i dag, den er såvidt meg bekjent av brukbar kvalitet, og den vert ikkje brukt til passasjerbefordring.
Det har sikkert sine årsaker, men fornuftig kan det umulig være. Det bur nesten 100 000 menneske i dette området, som er ein tredjedel så stort som Luster kommune, og eg ser liksom for meg at det kunne vært eit trafikkgrunnlag med lokaltog fra Brevik til Skien, ein avstand på dryge 20 km. 

Bana ligger jo der, så da burde det være mogleg å nyttegjere den til persontrafikk også, men det er vel ikkje vilje eller evne til å få dette på plass. 
Det har vore luftige tanker om ei slags "bybane" i dette området, men det vil nok koste adskillig meir enn å bruke ein skinnegang som allereie er der. Sikkert ikkje like publikumsvenlig som ei bybane, men ei elektrifisert jernbane midt i eit tettbefolka strøk.....what is not to like...?

Det burde være plass til både godstog og passasjer på denne banen, men det skjer vel neppe. Dessverre. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Topptrimmen 2023 - 2025: Sveidalsnosi