Ein tur med toget: "Gamle Vossebanen"

Da har vi gjort oss ferdige med dei fleste norske sidebaner, om enn det står att eit par av dei lengre banene, samt den mest mest spektakulære av dei alle. Desse skal vi komme tilbake til om ikkje så lenge, for først blir det litt om to banestrekningar som burde og skulle ha eksistert den dag i dag. Nye tunnelar medførte at begge strekningar vart nedlagt, men deler av den eine lever eit godt liv som museumsbane enda.

Vi startar på Vestlandet, nærare bestemt den gamle traseen ut fra Bergen mot Voss.
I mangel av eit bedre navn, så kaller eg denne for "Gamle Vossebanen", for det vil folk flest forstå.
I denne omgang tek eg kun traseen fra Bergen stasjon og til Tunes. Bana er omlagd i store deler heilt til Voss, men flinkare folk får ta seg av dei detaljane.


Jernbanen mellom Bergen og Voss opna alt i 1883, som ei smalspora bane. Den vart bygd ganske så enkelt, iallfall landskap og terreng tatt i betraktning. På den tid var lange tunnelar framleis langt fram i tid,  og det vart istaden bygd mange små.

Ut fra byen gikk bana sørover mot Nesttun, der den møtte på Nesttun-Osbanen, fram til denne vart nedlagt. Derfra gikk det nordover, forbi Arna og Garnes der det påny gikk sørover att, før den kom inn på det som er dagens trase utanfor Arnanipatunnelen.

Alt fra start vart "Gamle Vossebanen" (Heretter kalla Vossebanen) veldig populær, og det var høge passasjertall, spesielt på strekninga Bergen-Nesttun. Alt da kalendaren viste året 1900, så var det 500 000 reisande her, og fram til første verdskrig var det ein million reisande i året. Dette er mektig imponerande, og viser kor effektiv ei jernbane kan være. Vi må også hugse på at i 1900 var folketalet i Bergen noko heilt anna enn i dag. 

Eit kvantesprang i norsk samferdselshistorie kom da bygging av Bergensbanen vart vedtatt i 1898. Den skulle byggast med normalspor, og dermed vart det ombygging på Vossebanen også. I 1904 kunne Vossebanen skryte av å være den første smalspora bana i landet som vart ombygd til normalspor. 

I 1909 kom neste storhending, da Bergensbana opna heile strekninga bort til Oslo, og i dag kan vi vel knapt fatte kva betydning dette hadde for landet. 

Etterkvart som tiåra gjekk, og passasjertala mellom Oslo og Bergen framleis var gode, byrja det å bli snakk om å korte ned Bergensbanen ved å bygge tunnel mellom Bergen og Arna, samt ein tunnel gjennom Arnanipa. Vedtaket om dette kom i 1954, og samstundes vart det også vedtatt å bygge Ringeriksbanen mellom Sandvika og Hønefoss. Desse tre forkortingane ville redusere reisetida betydleg. 
Som kjent vart Ulrikkentunnelen og Arnanipatunnelen ferdigstilt og opna for trafikk i 1964, men det må nevnast at planar om desse tunnelane faktisk vart diskutert allereie på 1870(!)-tallet. Det gikk ikkje alltid så fort før i tida heller.

Med dei nye tunnelane på plass, så vart "grisekrøllen" på den gamle traseen rekna som overflødig, og alt i 1965 vart persontrafikken på den tidlegare så travle banestrekninga innstilt. Godstrafikk vart beholdt, og NSB sin godsterminal vart etablert på Minde. Derfra og til Nesttun vart bana fjerna.
Fra Nesttun og mot Garnes vart det med tida oppretta museumsbane, og i dag er det ca. 18 km. veterantogbane mellom Midttun og Garnes.

Dei sørlege deler av Bergen merka fort at bana vart borte, noko som ikkje er så rart, da den altså frakta ein million passasjerer i 1914. Rett nok endra tidene seg fram til Ulrikkentunnelen kom, folk flest fikk seg bil, og busstilbodet vart jo også noko heilt anna utover på 1900-talet.
Den store endringa skjedda da Bybanen vart etablert fra sentrum og sørover, og endatil heilt til Flesland. Bybanen i Bergen er ein kjempesuksess, og derfor er det spesielt ille å sjå at dagens bystyre kan kløne det slik til at Bybane til Åsane står i fare for aldri å bli realisert. Men for Bergen Høgre var det viktigare å få makt nå ved siste lokalvalg, enn å vise ryggrad og stå ved sitt valgløfte om å la Bybanen gå over Bryggen. Kva skal vi med slike politikarar eigentlig??

Vel, vel.

NSB si tid i dei sørlige deler av Bergen, og vidare mot Arne og Garnes er iallfall over. Vi får trøste oss med at OMSIDER kjem det doble sporet gjennom Ulrikken, og så får vi berre håpe at det vert ei skikkelig bane vidare til Voss også.


Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden