Ein tur med toget: Hardangerbana

Jada, eg veit at "Trikken i Hardanger" er nedlagt for mange år sidan nå, men årsaka til at eg skriv om denne er igjen den dårlege behandlinga som norske jernbaner har fått opp gjennom åra.
Dessuten har eg sykla strekninga mellom Granvin og Voss, på store deler av den tidlegare banestrekninga. DET var ein fantastisk fin tur!



Hardangerbana:


Hardangerbana er ein av dei mange jernbanestrekningane her til lands som ein aldri heilt kan forstå kvifor den vart bygd overhovudet. Og når bana først var bygd, så vart den aldri utnytta slik den skulle og burde ha blitt. 


Hardangerbana er betegninga på ein av Bergensbanas litt spesielle sidebaner ned fra Vossevangen til Granvin v/Hardangerfjorden. Den stod ferdig i 1935, og var faktisk landets første elektriske jernbane!
Da kunne ein kanskje tru at Hardangerbana var noko forut si tid, men utanom det elektriske, så var det lite framtidsretta her. Skinnegangen var av laber kvalitet, bana var svingete og ikkje minst bratt. Terrenget mellom Skjervet og ned mot Granvinsvatnet viste seg å være ganske så utfordande å bygge i, og det måtte til fleire tunnelar, som etterkvart måtte erstattast av ein lengre samanhengande, for å unngå steinsprang.

Akseltrykket var også svært dårleg, spesielt etterkvart som tida gikk, og det ikkje var mogleg å frakte større mengder gods på bana. 

Og nettopp her ligg problemet: Hardangerbana vart bygd med altfor dårleg kvalitet. Den kunne og burde ha vore ein viktig transportør for all tungindustrien langs Hardangerfjorden, i Ålvik, Odda og Tyssedal, men når det ikkje var mogleg å frakte gods på bana, så vart den sjansen skusla vekk. Eit effektivt fjordtransportnett fra industristadane kombinert med ei skikkelig jernbane, kunne vore eit godt alternativ til trailertransport over Hardangervidda og Haukeli.

Utover på 1980-talet var det bestemt at Hardangarbana, saman med ei rekkje andre sidebaner, måtte leggast ned. Siste tog gjekk i 1988, og mesteparten av bana vart fjerna i 1991. Deler av traseen vart nytta til den nye fine vegen fra Voss til Granvin, medan andre deler vart ombygd til ein fin gang og sykkelveg.



Dette bildet tok eg sjølv, og det er langs Granvinvatnet ein stad. Dette er i byrjinga av juni 2021, da eg hadde gleden av å sykle fra Kvinnherad til Sogndal, og det er utan tvil at den finaste biten var nettopp fra Granvin og inn mot Voss. OK, eg måtte ut på gamlevegen forbi Skjervafossen, men det er ein fin tur nå som mesteparten av biltrafikken er i tunnel likevel.

Da kjem vi også inn på eit anna viktig tema, nemleg bruken av nedlagte jernbanestrekningar. Det kan sjølvsagt være nostalgisk å ta vare på jernbanestrekningar slik dei ein gang var, men når det ikkje går tog der....kva er så vitsen? Vi har nokre få fine museumsbaner av kortare lengde, og ellers burde dei lengre nedlagte strekningane forlengst vore ombygd til slike vegar som vi ser på bildet mitt. 

Nå, 100 år etter at Hardangerbana vart bygd, så ser ein kor meiningslaust dette byggeprosjektet var. Joda, det kunne som sagt ha vore ei viktig godsbane for tungindustrien, men istaden vart det altså bygd ei "lettvekterbane", som mangla absolutt alle dei kvalitetane som den skulle hatt fra dag ein.

Det var visstnok snakk om å gjere Hardangerbana til ein slags turistbane ala Flåmsbana, men NSB hadde vel alt bestemt seg da dei tankane kom på bana(!).

Hvis ein kan få trekke noko lærdom ut av desse 27 km. med jernbane, gjennom eit område der det ikkje ein gang i dag er befolkningsgrunnlag for jernbanedrift, så må det være; Skal det endelig byggast ei transportårer til industrien, så gjer det skikkelig.

Det er forresten ikkje heilt rett at Hardangerbana er nedlagt. Litt over tre km. fra Voss stasjon og til Palmafoss  er bevart og oppgradert siste åra, som ein rein godstrase. Så ein liten rest av det som var ei meiningslaus jernbane har vi enda, men nå er den altså av ein så god kvalitet at den er nyttig. Slik det skulle vore gjort fra starten av.

Vi får heller undre oss over at under byggeperioden på 1920/30-talet var Norge eit fattig land, som heller bygde dårlige jernbaner overalt, framfor å bygge nokre få skikkelig bra :-)

Meir om gamle og nedlagde jernbaner kjem...

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Topptrimmen 2023 - 2025: Sveidalsnosi