Ein tur med toget: Kirkenes Bjørnevatn

Stort lenger nord finner vi ikkje jernbaner her i verda. Denne industribana langt øst i Finnmark, heilt mot grensa til Russland har ein lengre historie enn ein skulle tru, og eg tør vedde på at det ikkje er så mange utover dei "over middels interesserte" som i det heile tatt veit at det har vore jernbane her i over 100 år.

Kvifor i all verda er det jernbane her, hundrevis av kilometer borte fra næraste norske jernbanestrekning, Ofotbanen?
Kan det være ein del av den mykje omtala Nord-Norgebanen, som vart påbegynt fra den andre enden?

Neida, dette er ei rein industribane berekna på frakt av jernmalm, men det skal visstnok ha blitt frakta gruvearbeidarar her. Noko form for kommersiell passasjertransport har det såvidt meg bekjent aldri vore, men korriger meg gjerne.

Bana vart opna i 1910 i samband med den store gruvedrifta i Bjørnevatn. Som eg har nevnt fleire ganger i tidlegare poster, så var jernbane den beste og mest effektive måten å frakte dei enorme malmmengdene ned til havna på.
Gruvedrifta har også her vore av/på i dei siste tiåra, med ein konkurs her, vidaresalg der, nye eigarar her igjen osv. osv. 
Vi kjenner heile gesjeften best som AS Sydvaranger, men i dag er det, såvidt eg har fått med meg, amerikanske eigarar. Gruvedrifta vart eigentleg lagt ned i 2015, men med nye eigarar og ikkje minst ny kapital, så er det iallfall planer og gjerne også eit ønske om ny drift. 
Jernbanedrifta tok også slutt i 2015, men vi får håpe at den også kan få nytt liv.



Om denne korte banestrekninga på kun 7,5 km, som faktisk har normalsporvidde, nokon gang vil bli knytta til det norske banenettet....det tviler eg sterkt på. 
Som vi alle veit vart Nord-Norgebanen trakka ned i gjørma enda ein gang for nokre veker sidan, og den skulle tross alt berre gå til Tromsø, ca. 750 km. unna Kirkenes.
Til næraste norske banestrekning, Narvik, forteller googlemaps at det er over 800 km, og da går kortaste veg gjennom Sverige og Finland.

Men det som faktisk har vore seriøst diskutert, iallfall i Finland, har vore ei tilknytning fra finsk Lappland og til dei isfrie havnene i Finnmark og Troms. I dette området er det store mineralforekomster, og fleire godsbaner inn til Norge har vore diskutert på høgt politisk hald i Finland, bl.a. alstå til Kirkenes.

Siste eg sjekka, så var imidlertid desse planane lagt på is, grunna dei store urørte naturområda, men i dette tilfellet kunne det være lov å håpe. Eit skikkelig godsnett fra Finland til norske havner kunne verkeleg vært noko! Dessuten ser det ikkje ut til å være politisk vilje og evne til å bygge jernbane nord for Narvik på den norske sida av grensa, så skal det skje noko, så må vi nok stole på våre nordiske naboar.
Ei vidare spenstig utvikling er konkrete planer om eit slags finsk/baltisk jernbanenett, som skal gå heilt opp til nord-norske havner. Med ein stadig meir isfri Nordøstpassasje, så er det, utruleg nok, eit reellt alternativ. Eller utruleg...? Ein liten kikk på globusen, viser oss at eit jernbanenett med havn i Kirkenes ville gi ein langt kortare sjøveg til store deler av Asia enn dagens løysing via Middelhavet og Suezkanalen. 

Eg forstår veldig godt at det er motstand til ein slik enorm samferdselskorridor i det som er dagens urørte Nord-Finland, men spør du meg, så er det eit langt bedre alternativ enn å frakte gods via Østersjøen, Nordsjøen, Middelhavet osv. Men det vil kreve enorme investeringar, og sjølv om det på norsk side er vist interesse, så er vel det som vanleg mest for syns skuld når det gjelder jernbanebygging.
Fine ord om å "satse på Nord-Norge" passer best så lenge ein slepp å bruke kroner på t.d. nye jernbanestrekningar der.

Ein liten kuriositet, dersom dette skulle bli ein realitet, er at i Finland bruker dei anna sporvidde enn det meste av Europa ellers. Der er mykje av jernbana knytta den russiske standarden på 1524 mm, såkalla breispor, og tidlegare har det vore hyppig trafikk mellom dei to landa.
Med finsk medlemskap i NATO og EU, og stadig nærare kontakt mot Vesten, så er likevel det finsk-russiske samarbeidet på nedadgåande trend. Like greit, når vi ser kva barbarnasjonen Russland er i stand til å gjere mot sine naboland. Verdt å nevne er at det for ein del år tilbake også vart diskutert jernbane fra russisk side og over til Kirkenes. I dag trur eg vi skal være veldig fornøgde med at det aldri vart, og vel neppe blir, ein realitet. 

Så sjølv om Kirkenes-Bjørnevatn er ein spesiell banestrekning i dag, så KAN den altså bli ein del av noko langt større, men neppe i mi levetid. Om dei er ivrige i Finland, så er entusiasmen omtrent fraværande blant togeliten i Oslo. Det er trist, men slik er det vel med det meste av norsk jernbanebygging. Men igjen: Skal det satsast på Nord-Norge, så må det gjerast skikkelig, og det å inspirere til eit jernbaneprosjekt med våre naboland burde være ein sjølvsagt sak, men er det dessverre ikkje. 
Som med Ofotbanen er det langt større vilje med ein korridor til eit naboland, enn å bli knytta til vårt eige banenett. Forstå det den som kan.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Topptrimmen 2023 - 2025: Sveidalsnosi