Ein tur med toget: Lillesand-Flaksvandbanen

Fra den nordlegaste bana i landet i Kirkenes, via Namsos, tar vi så turen til Lillesand, og den vesle lokale banestrekninga dei hadde der for mange år sidan. 

"Jammen, i Lillesand har det da aldri vært tog?".
Joda, men det er lenge sidan nå.

På 1880-tallet begynte folk i Lillesand å snakke om ei jernbane for å frakte tømmer vidare fra skogane lenger inne i landet. På den tid var det framleis ingen Sørlandsbane, og det skulle vise seg at Lillesand-Flaksvandbanen heller aldri kom til å knytte seg til det nasjonale nettet, i likskap med t.d. Thamshavnbanen i Trøndelag.

I 1896 starta drifta, og dei første åra såg det faktisk ikkje så ille ut.
Alt i 1902 nådde bana sin topp med over 20 000 passasjerar på den ca. 17 km. lange smalspora strekninga.
Samme året vart det også frakta over 50 000 tonn gods, men fra dette toppåret (Som jo eigentleg var rimelig labert det også) gikk det kun nedover med både gods og passasjertrafikk. Alt i 1908 byrja bana å gå med underskot, og slik skulle det forbli heilt fram til nedlegginga på 1950-talet. Dei siste tiåra vart det berre frakta nokre hundretals passasjerer i ÅRET, og da godstrafikken også gikk nedover jamnt og trutt, så forstod ein til slutt at dette var ei meiningslaus bane å drifte.



Som ein ser fra kartet gikk ikkje Lillesand-Flaksvandbanen i noko særleg befolka område. Det gjenspeglar seg sjølvsagt i passasjertala, og i eit av dei siste åra vart det frakta under 300 passasjerer og mindre enn 5000 tonn gods, og det er jo ingenting.

I 1953 gikk siste tog, og bana vart formelt nedlagt samme året.

Med bygginga av Sørlandsbanen, så vart det diskutert om Lillesand-Flaksvandbanen skulle byggast om til normalspor og forlengast fram til den, men alt på den tid var tida ute for sidebaner til små tettstader som Lillesand.
Ut fra kartet er det rett nok knappe 14 km. til Grovane stasjon på Sørlandsbanen, der ein hadde eit fint stasjonsmiljø. Herfra gikk sidebanen til Setesdalen, som sjølvsagt også er nedlagt, og som eg vil komme tilbake til i ein seinare post. 

Lillesand-Flaksvandbanen var ein dårleg ide allereie fra starten av, og som vanleg på den tid vart slike jernbaner bygd av ganske så dårleg kvalitet. Dårlig skinnegang, krappe svingar og forholdsvis små bratte kneiker gjorde sitt til at toga gikk svært tregt. Enda for 1920 å være.

Den store feilen vart imidlertid gjort da Sørlandsbanen vart lagt i den traseen som den har den dag i dag. Fra dag 1 vart nesten alt feil med den, da dei valgte å legge den milevis inne i landet, der det bur hverken folk eller fe.

Mange byar, samt nokre daldøre, fra Kragerø og mot Kristiansand og vidare mot Stavanger vart tilknytta Sørlandsbanen via.....dårlige sidebaner. Alle er med eitt unntak, Arendalsbanen, i dag nedlagt.
Sørlandsbanens trase er noko av den mest tåpelige som vi har i norsk samferdselshistorie. Den kunne og burde hatt stor lokaltrafikk mellom byane heilt fra Stavanger, Egersund, Flekkefjord, Mandal, Kristiansand, Lillesand, Grimstad, Arendal, Tvedestrand, Risør, Kragerø og samanknytning med Vestfoldbanen i Porsgrunn. 
Med ein framtidsretta trase den gang, så hadde Lillesand hatt jernbane den dag i dag, men sidan datidas politikarar såg fanden på flatmark og la Sørlandsbanen laaaangt inni skogane fordi dei var redde for invaderende makter, så vart det altså null lokaltrafikk mellom dei fine byane på den "bløde kyststribe". 

Trist.

Eg kjem tilbake til korleis Sørlandsbanen skulle ha vore, men som den aldri kjem til å bli, fordi vi ikkje har politikarar som gidder å satse på bane i store og nye prosjekt. Mellom dei mange byane og tettstadene på Sørlandet har vi heller valgt.....motorveg....medan den gamle Sørlandsbanen humpar avgårde langt inni skogen ein stad.

I dag kjem Sørlandsbanen fra Bø i Telemark, og med respekt å melde; Det hadde vore langt bedre om togtrafikken mot Kristiansand kom fra Vestfold, Grenland og gjennom alle byane på Sørlandet.

Vel, Lillesand-Flaksvandbanen var eit godt eksempel, eitt av mange etterkvart, på korleis ein ikkje skal bygge jernbane. Til alt hell er sidebanene si tid over, og på denne vesle sidebana er det heller ikkje i dag noko særleg til trafikk på det som nå er turveg i skogen. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Topptrimmen 2023 - 2025: Sveidalsnosi