Minneverdige sykkelturar 2023:
Etter eit års fravær er det på tide med kåringa av årets fem mest minneverdige sykkelturar. Helsa, dvs. den helsikes albogen som eg knuste høsten 2021, har vore til stor plage siste to åra, men nå "ser alt så meget bedre ut". Det å få ut 15 cm metallskinner og seks skruar i underarmsbeinet har verkeleg gjort underverk. Men det å kvitte seg med uønska gjenstander i armen, skjedde ikkje før i slutten av september. Før den tid rakk vi fleire fine turar, bl.a. på plassar eg aldri har vore før, men som absolutt kan anbefalast sterkt. Nr 1: Da er det på tide å "avsløre" årets finaste sykkeltur. Ja, ikkje berre det, dette er garantert ein tur som er inne på mi toppliste totalt, av dei 1161 sykkelturane og 40 000 km. eg allereie har på treningsappen Strava. Samt dei par tusen turane og ca. 80 000 km. før den tid. 8.juni gikk turen til enda ein av desse meir anonyme plassane som vi alle har høyrt om, men som få av oss tek seg tid til å besøke. Og fins det bedre måtar å besø...