"Gjerde - Espe" den framtidige turvegen!

 Året er 2015. Det er kommunevalg.

Dei politiske partia i Luster er stort sett enige om det meste, som vanlig, men også den gang var det forskjellige nyansar i politikken.
Det som ALLE partia den gang var enige om, og som endatil stod i ALLE partiprogramma, var at det skulle byggast bru og veg fra Gjerde og over til Espe og Krekane.

Til tross for dette, dvs. at ALLE lokalpartia hadde dette programfesta, så har det skjedd.....null.

Svakt.

Men det såg sikkert fint ut den gang. I år var det ingen parti som brukte tid på dette enkle prosjektet, så derfor dreg eg fram dette enda ein gang. Har gjort det fleire ganger før, men nå skal det bli ein liten vri.

Sidan det ikkje er råd å få til ein bilveg, antagligvis fordi det ikkje fins kommunal vilje eller evne til å priortere det, så skal det istaden byggast ein enkel tursti.

Slik:



Sidan våre lokalpolitikarar ikkje klarer å bygge ein bilveg, så kan vi heller satse på ein tursti. Det beste av alt er at det meste faktisk er på plass alt også. For ein fotturist og ein hobbysyklist vel og merke. Vi skal jo ikkje ha bilar her, for hvis vi det ville, så hadde jo det vore på plass for leeenge sidan, jfr. valgprogramma fra 2015.

"Blir ikkje dette langt og dyrt da"?
Den røde streken på kartet over er ca 1300 meter. Det som evt. vil koste nokre kroner, ville være bruene over dei to elveløpa. 

Men vi kan gjere det ENDA enklare!
For på begge sider av hovedløpet av elva, så finn vi allereie gardsvegar. Det trengs faktisk ikkje to bruer eingang, vi kan klare oss med ei, evt. to kortare hengebruer via den vesle granden vi ser på bildet.
Og ja; Eg er klar over at fins noko som heiter "isgang" og "flaum". Det går an å bygge bruer som tek høgde for desse naturfenomena.

Slik:


På begge sider av den røde streken er det allereie eksisterande skogs/gardsvegar. Det å få til ein avtale med grunneigarar kan ikkje være ei uoverkommeleg oppgåve, evt. oreigning for alt eg veit. Skjønt, det burde ikkje være naudsynt.
Denne røde streken er under 400 m(!!), og som vi ser er det altså tilkomstveger på begge sider allereie.
I ein ideell verden, så burde det vore direkte samband over til turistverksemdene på andre sida av Krundøla. Men det er ikkje eit must, all den tid det allereie fins tilkomstveg som gir ein fin liten ekstrarunde.
Ein flott RUNDE hadde det også blitt for turistar og fastbuande som ville tatt ein tur fra Gjerde, over elva, ned forbi Jostedal Skule, og oppatt til Gjerde på den allereie eksisterande fylkesvegen. Evt. i motsatt retning.

Mrk. at det kun er snakk om ein enkel turveg her, ikkje noko asfaltert strekning med gatelys og liknande luksus. Neida, heile hensikta er at det skal være enkelt, og ABSOLUTT ingen motorisert trafikk. Med eit unntak av elsyklar da, såklart :-)

For å være ærleg, så er det direkte flaut at det ikkje er ein skikkeleg veg her for mange år sidan. Den eksisterande fylkesvegen kan være utsatt for snøskred, og kunne dette vore eit enkelt omkøyringsalternativ. 
Men dessverre; Det er ikkje politisk evne og vilje til å lage eit såpass enkelt vegsamband, så muligens vi burde håpe på private initiativ for å få på plass denne enkle turvegen istaden? Ei hengebru ala den som er bort på vegen til Wittgenstein, kunne vore eit forbilde. 


Om dette kjem til å skje?

Neppe. Åtte år etter at alle politiske parti hadde det i programma sine, og dei LIKEVEL ikkje klarte å få dette til.....ja, da er det ikkje mykje håp om at det skal komme på agendaen nå. 
La oss sette vår lit til at turstien vert bygd av private ildsjeler, mulgens med noko kommunal støtte, det er nok det beste vi kan håpe på. 

Ein fin framtidig turveg hadde det iallfall vore!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden