"Hafslovatnet Rundt", den framtidige turvegen!

I høve postkassetrimmen vert det stadig oppdaga nye vegar, stiar og stader. Etter å ha gått/sykla/køyrt det meste som fins av vegstubbar, dalføre og sidevegar i kommunen, så er det på tide med eit ønske. Realistisk? Neppe.

Men det er lov å håpe.

Ein samanhengande turveg rundt heile Hafslovatnet. DET hadde vore noko! I det som utvilsomt er kommunens finaste og lettast tilgjenglige turterreng. Eg er ikkje kjent med alle stadsnavn som fins på Hafslo, så dei med bedre lokalkunnskap for ha meg tilgitt.

Alt i dag har vi eit ganske så bra turnett langs dette fine vatnet. Faktisk manglar det berre eit mindre stykke turveg den dag i dag, for å kunne ta seg rundt heile vatnet. Joda, eg veit at det er mogleg å ta seg rundt allereie, men poenget er å gjere det lettare for "vanlige folk" også. Det er jo tross alt "vår tur nå", skal vi tru høgtståande poltikarar.....
I dag kan vi sykle/gå heilt fra Osen og opp til Simosete, og derfra ned att til Soget. Det er berre eit par problem: Det er ganske langt mellom Osen og Simosete, ca. sju km, og det stig tildels ganske bratt store deler av den eksisterande vegen. Hafslovatnet ligg på 170 moh, og Simosete ligg heilt oppe på 470 moh. Det betyr 300 høgdemeter, og det er for mykje for svært mange av oss.

"Men kan du ikkje berre sykle/gå fra Soget og opp til Simosete da?"

Ikkje noko dårleg forslag. Men opp her blir det sjølvsagt enda brattare. 300 høgdemeter på halvanna km. er heilt uaktuelt for omtrent alle å sykle/gå, i fall dei skal gå rundt heile vatnet. Dessuten vil ein trillbar tursti bli så bratt, at det blir ok å gå, men uråd å sykle.

Løysinga blir å gjere noko heilt anna, og noko som mange fleire kan forsere, uten å slite seg altfor mykje ut. 
Det er å ta av på skogsvegen fra Osen mot Simosete, og ta seg ned mot det som heiter Tubba på kartet. 

Slik: 


Den nederste raude streken er berre satt av meg ein sein fredagskveld, for detaljane om trasevalg må meir lokalekjente ta seg av. Eksempelet over inneber ein ny tursti på ca. halvanna km mellom to eksisterande vegar. Når ein er komen forbi Tubba, så er det sjarmerande turveg bort til bomvegen over Straumane.

"Men kva med den øverste streken da?"
Den går fra den nevnte brua, og bort til det som vert kalla Hesvollen. Det skal allereie gå ein sti mellom desse to punkta, men eg har null kjennskap til korleis den er. Enda. 
Men etter å ha vore på Hesvollen for første gang I GÅR (skamme seg), så har eg bestemt meg for å gå/sykle ein runde her, dvs. rundt Straumanevatnet, så snart eg har høve til det.

Det er i dette området, fra Tubba, forbi Hesvollen og heilt til Soget, at vi finn ei sann perle av eit turterreng. Ein type terreng som minner meir om skogane på Østlandet, enn langs eit vatn laaaangt inne i Sogn.

Den øverste stien vil bli på ca. 1,3 km, så totalt trengs det i underkant av tre km. enkel turveg for å knytte det saman. 
Når dette er på plass, så får ein heller jobbe med å lage tursti fra Okleviki og mot Osen, da det ikkje er spesielt familievenleg å bevege seg ut på denne trafikkerte delen av FV 55.

Eg har ingen forventningar eller behov for ein motorveg av ein gang/sykkelveg. Det er det vel ingen som vil ha heller. I dette flotte landskapet og på dei skisserte nye sambanda, må det være nok med ein enkel grussti, på halvanna til to meters bredde. Stien må sjølvsagt ta hensyn til terreng, og ikkje minst det som måtte være av landbruks og næringsinteresser. Bomvegane på begge sider, dvs. Osen og Straumane må sjølvsagt oppretthaldast, og i tillegg få ein ny på Hesvollen. Vi kan ikkje sleppe all slags motorisert trafikk laus på strekninga.

Og ja; Eg er sjølvsagt kjent med at det fins eit fuglefredningsområde her. Det er nettopp derfor ein må forby motorisert trafikk, etter at stien er ferdigstila. Ja, ikkje berre forby; Fysisk sperre for bilar, ATV`ar, traktorar o.l. Denne perla må være forbeholdt rekreasjon av det stille slaget. Derfor skal det heller ikkje brøytast om vinteren.

Fra Straumane og Soget går det som kjent veg inn til Hafslo sentrum, og derfra er det allereie gang/sykkelveg heilt ut mot Galden. Det er også opparbeida ein "ny" veg ut mot Okleviki, nede ved vatnet. Såvidt eg har forstått er dette den gamle ferdselsåra som kom fra Sogndal i gamle dagar. Ergo har vi som tidlegare nevnt kun herfra og ut til Osen som står att, men igjen: Her er det veg, om enn såpass trafikkert at det ikkje er spesielt moro å ferdast der for mjuke trafikkantar. På sikt altså: Opparbeiding av enkel tursti også her.

Sluttresultatet?



19 km. rundtur i det som altså er kommunens flottaste og mest sentrale turterreng.

Eg er kjent med at ein slik rundtur har vore diskutert tidlegare, og eg er vel såpass realist at eg neppe ser dette kjem på plass i mi levetid. Men det er nå lov å drøyme.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden