Eit halvår som Teslaeiger, fordeler og ulemper.

3. mai henta eg min Tesla Y SR i Bergen.

15000 km. seinare er det på tide med ei oppsummering, dvs. fordeler og uleper.

Det gode først:

Plassen. Bilen er heilt fantastisk diger inni, sjølv om det ikkje ser slik fra utsida. Flatt golv bak gjer at tre vaksne fint kan sitte baki, og det uten å stange hovudet i taket. Bagasjerommet er digert, og den brønnen baki har eg brukt svært mykje. Der kan eg sette handleposer oppi uten å være redd for at varene skal trille avgårde. Frunken derimot, har eg brukt svært lite. Der har eg omsider somla meg til å slenge oppi ladekabler (Som eg aldri har brukt), tilhengerfestet (når det ikkje er påmontert) samt diverse andre saker som fulgte med bilen. Kanskje varseltrekanten havna der oppi også?

Ladenettverket. Normalt lader ein jo heime, men når ein ein sjeldan gang er på tur, så er Tesla sitt eige ladesystem heilt i særklasse. Ikkje noko dill med apper, ladebrikker, vipps eller anna surr. Ein plugger i, og voila! så er det i gang. Maks ladefart skal være 170 kw, og det har eg faktisk oppnådd. Da må forholda være gode, og batteriet være klargjort i form av oppvarming. Ladinga går nå såpass fort at ein må skynde seg inn på den evt. nærliggande energistasjonen for å rekke "ladeburgeren", før ein må kople fra igjen. Ein vil jo ikkje risikere Tesla sine "over tida" gebyr!

Interiøret. Mange foretrekker fysiske knapper til dei forskjellige funksjonane i bilen. Eg prøvde svært mange biler før eg landa på Tesla, og set pris på det enkle, nesten sterile miljøet i bilen. Her er ein skjerm, to spaker (som antagligvis kjem til å forsvinne, jfr. siste oppgradering av modell 3) og stort meir er det ikkje. Mange vil sikkert tru at det er vanskelig å forholde seg til kun ein slik skjerm, men det tok meg ca. fem minuttar ut fra bilforhandlaren på Kokstad. Det meste av funksjonar, så som lys, styrer ein framleis via spakene, det samme gjeld også "gir". Vindusviskarar styrer ein via dei små rullehjula på rattet, så det er ingen grunn til å frykte at ein skal glo på skjermen istaden for vegen. 

Software. Teslaappen er kanonbra. Joda, eg brukte Nissan connect tidlegare, og den første utgava derfra var heilt grusom elendig. Den har kome seg ein del, men den er lysår bak Tesla sin. At vi får oppdateringar via vår eigen wifi, er heller ikkje ein ulempe. Eg har allereie oppdatert eit par ganger, og det har fungert prikkfritt.

Prisen. Tesla skrudde ned prisen på alle modellar for snart eit år sidan, og snudde store deler av blmarknaden opp/ned. Til glede for oss forbrukarar. Min "fattigmannsTesla" kom på ca. 460 000,- og det var med tilhengerfeste (Maks 1600 kg. hengarvekt), takstativ, allværsmatter og nøkkelbrikke. Dei tre sistnevnte måtte eg bestille som ekstra tilbehør, og det kom på ca. 10 000,- Nøkkelbrikka kunne eg klart meg fint uten, da eg i 98% av tilfella bruker mobilen som nøkkel. Dessuten følger det med to nøkkelkort som standard, så den brikka kunne eg med fordel ha droppa. Det var 2100,- som kunne vært spart. 

Billig i drift. Siden vi har tilgang på Tesla sitt eige ladenettverk, samt at vi stort sett lader heime, så er dette eit usedvanlig billig bilhold. Med fastpris på heimelading på kr. 0,63 øre pr. kw, så blir det heller ingen store strømutgifter der. Statistikken viser at vi på desse knappe 15 000 km. har lada for kr. 2364,- derav 84% i garasjen, og det resterande på Tesla sitt superladenettverk. Prisen på dei siste 16% har vært i snitt kr. 2,68 pr. kw. Det kan du sammenligne med t.d. Ionity, MER, Recharge, Kople eller kva dei nå heiter dei andre operatørane. Som eg ikkje bruker lenger.
Serviceintervall, som nå kan gjerast i Førde, blir av den heller sjeldne typen. 
"Billig i drift" betyr også billig og effektiv å køyre. Ein tur til Lom og tilbake nå i sommar, dvs. over Sognefjellet fra begge sider, gav eit forbruk på under 1,1 kw pr. mil. Vis meg gjerne den bilen i denne klassen som klarer tilsvarande. Med 57 kw til råvelde, så ville dette gitt ein rekkevidde på over 51 mil, på ein fin sommardag. WLTP er oppgitt til 455 km på 19 toms hjul. Om vinteren derimot, så ser eg at rekkevidda minkar drastisk. Klarer eg 40 mil nå, så skal eg ha vore svært forsiktig på labben.




Ulemper:

Kjedelig. Tesla Y er landets mest solgte bil, i særklasse, siste par år. Det er ein grunn til det, men det gjer jo at kjensla av å ha kjøpt noko særeigent er som blåst. 

Utsjånad. Ingen skal komme å fortelle meg at Tesla Y er ein vakker bil. Den er praktisk og effektiv, men pen??  Av dei mange bilane eg prøvde før eg landa på Tesla Y, så vil eg påstå at t.d Polestar, Ford Mustang Mach-E og Jaguar I-pace, er langt penare å sjå på. 

Køyreeigenskaper. Eg prøvde som nevnt svært mange bilar før eg lande på modell Y. Og sjølv om Tesla Y ikkje er dårleg å køyre, så kan den ikkje måle seg med ein Nissan Ariya, som vi finn i samme klasse.
Ariya var som å sitte på ei sky, noko som  definitivt ikkje er tilfelle i ein Y. 

Ryktet. Tesla har ikkje det beste ryktet, langt derifra. Som eit erkeamerikansk selskap er dei ikkje kjent for å være spesielt imøtekommande. Eit godt råd må være å KUN bruke Tesla sine eigne produkt hvis ein skal ha noko ekstrautstyr. At firmaet også er særs fagforeningsfiendtlige er også eit stort minus. Vi ser kva som skjer i Sverige i desse dagar.

Elon Musk. Uten tvil det største minuset med heile Tesla. Som grunder og visjonær forretningsmann, er han uten tvil eit geni. Dessverre har han også framvist uhyrlige eigenskaper og uttaler som er til å bli kvalm av. At han i tillegg massakrerte twitter i løpet av nokre veker. var heller ikkje eit pluss.


Konklusjonen må altså bli at vi er svært godt nøgde med vår "fattigmanns-Tesla". Jo, den er svært vanlig på vegane, og Elon Musk er ein komplett dust, men det forhindrer ikkje at bilane har fallt i god smak her i huset. Vi er svært fornøgde med bilen, og eg har ingen problem med å anbefale denne bilen til dei som framleis sit på gjerdet, og lurer på om dei skal bytte ut bensin eller dieseldoningen sin. Eg prøvde maaaange bilar før eg landa på Tesla Y, og har ikkje angra eitt sekund, Elon Musk sin tirader på X/twitter til tross. 

Tesla Y er ein enkel, praktisk og svært god bil.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden