Ein tur med toget: Sørlandsbanen slik den SKULLE ha vært.
Etter vår spennande og engasjerande serie om underfundige norske jernbaner, kombinert med enda meir underfundige banenedleggingar, er tida komen for at fasiten må komme på plass.
Det er ingen vits i å bruke milliarder på eksterne konsulentfirma, for Bane NOR og dei etterkvart tallause operatørane på (dei gjenværande) norske banestrekningane skal få det gratis her.
Eller rettare; Det er ikkje Bane NOR og operatørane det står på. Det er dei bevilgande styresmaktene som i mange tiår har latt jernbanesektoren gå for lut og kaldt vatn. På samme tid som vi har bygd flyplassar, bruer og vegtunnelar for ufattelige summar, så er jernbanen avspist med smuler i samanlikning. Joda, vi har fått Askerbanen, Follobanen og Ulrikkentunnelen siste tiåret, men dette er eigentleg kun nødvendige oppgraderingar/snarvegar på allereie hardt belast strekningar.
Skal jernbanen få eit skikkelig løft, så må det mykje større investeringar til, på lange strekningar, som vil koste enorme summar. Men vi er villige til å bruke over 20 milliarder på ein undersjøisk tunnel i Rogaland, samt at det vert seriøst vurdert å bruke 46 milliarder på Hordfast.
For 66 milliarder, så kunne ein fått ganske mykje ny infrasturtur på Sørlandsbanen også, bl.a. den såkalla "Grenlandsbanen", som er samanknytninga mellom Vestfoldbanen og Sørlandsbanen fra Porsgrunn, forbi Kragerø og samanknytning nord for Kragerø.
Såklart ville desse 60 km. med ny jernbane koste kroner, kanskje 60 mrd for alt eg veit. Ein milliard pr. km..... det burde bli ei bra bane for det....
Men Grenlandsbanen er bortimot død. Fordi det ikkje er politisk evne og vilje til å satse på bane. Det er liksom lettare å bygge nokre undersjøiske tunnelar, for å tekke nokre velgarar.
Men neida.
Vest for Kristiansand, så er det ikkje så mange byar og tettstader, men hvis vi tar med dei 115000 innbyggarane i Kristiansand, så blir det slett ikkje verst befolkningsgrunnlag her heller.
Slik:
Ved å komme inn att på den eksisterande traseen ved Egersund, så går bana gjennom nye folkerike kommunar, Hå og Klepp, før vi endar opp i landets tredje mest folkerike område, Stavanger/Sola.
Totalt over 300 000 fastbuande til altså.
Ca. 600 000 fastbuande langs ei slik ny Sørlandsbane ville utgjort ei godt grunnlag for kommersiell og effektiv passasjertrafikk. Men det einaste som har skjedd siste tiåra, er at det er bygd dobbelspor mellom Stavanger og Sola, totalt ca. 12 km....
Joda, nokre utbetringar her og der er det såklart, men det monner liksom ikkje i den store samanhengen. Vi manglar visjonære politikarar som kan få Sørlandsbanen opp og fram til den kommunikasjonsåra den burde og skulle ha vært. Den vart bygd i mellomkrigstida, og grunna krigsfare vart den altså lagt så langt inne i landet at det i dag er snakk om å la den bli ei rein godsbane. Det forteller mykje om kor akterutsegla passasjertrafikken er blitt. Samtidig går det haugevis av fly mellom Oslo og Stavanger kvar dag.
Om "Nye Sørlandsbanen" kjem til å bli ein realitet?
Såklart ikkje, iallfall ikkje i mi levetid, og garantert ikkje med dagens Storting som foretrekker tunneler, bruer og motorveger uansett. Og når eg tenker meg om, så har vel alle Storting etter 1945 nedprioritert jernbanen generelt, og kanskje Sørlandsbanen spesielt.
Kommentarer
Legg inn en kommentar