I dag lurer eg på....gatelys.

Gatelys er fine greier. Spesielt nå som vi kan få dei i LED, eller kva det nå heiter. 
Gatelys her i bygda kom midt på 1970-tallet for første gang, noko som var ei storhending på den tid. Sidan er lysnettet utvida jamnt og trutt, med eitt unntak. Og akkurat det unntaket må vi prøve å få på plass.

Så det eg lurer på i dag; Kvifor er det ikkje gatelys her?



Dette er laga mest etter hukommelsen på eit vanleg paint-program, og eg gidder ikkje ta med alt som måtte være av små gatestubbar. Det grønne er altså der vi har gatelys i dag, og da vil sikkert alle forstå at den raude streken er der vi ikkje har gatelys. På kartet ser dette ganske så merkeleg ut, og enda verre er det ute i den verklege verda. Strekninga er ca. halvanna km. lang, det er ein fylkesveg, og såvidt eg hugser, så er det 80-sone. Det er ingen fortau her.
Om vinteren er det mørkt som i ein sekk.

Neida, det er ingen bebyggelse langs denne raude streken, men det betyr ikkje at det ikkje er mjuke trafikkantar der for det. Spesielt ned sørlege delen, dvs. mellom dei to bruene, har ein heil del fotgjengarar. Det kan være seg turgåarar, folk som går til jobb, på handel og you name it. 
Det at det er så mørkt der, er jo fordi det ikkje ligg hus langs denne vegstrekninga, som tross alt ikkje er meir enn ca. 50 år gamal. Før den tid gjekk det som måtte være av trafikk til Jostedalen langs den andre grønne streken på samme side av elva. 

Når vi har gatelys framover mot Skarpamo, forbi Lundane og endatil litt oppover Engjadalsvegen, så burde det være på tide å få på plass gatelys på denne skisserte strekninga også. Om det er vegeigar Vestland Fylke, eller Luster kommune som må ta kostnaden med det, er eitt feitt for meg. 

Så kva venter de på? Få opp gatelys her nå, og eg lurer altså skikkelig på kvifor dette ikkje er gjort for lenge sidan. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden