I dag lurer eg på......Meiningsmåling

Meiningsmålingar er faktisk ganske interessant. Sjølv om eg ikkje er særlig politisk aktiv, så er det likevel spennande å følge med på korleis våre politiske parti varierer i popularitet blant oss velgarar.

I dag kom VG med det som burde være sjokktall. Iallfall hvis ein stemmer AP.



Vårt gamle ærverdige styringsparti er milevis fra det dei eingang var (på alle vis), og ei oppslutning på 36,9% kan dei berre drøyme om nå til dags.
AP fortsetter å styre mot avgrunnen, og er forlengst forbigått av H som vårt største parti.

Men at dei også skulle bli forbigått av Frp, den såg eg verkeleg ikkje komme. OK, det er kanskje berre ei einaste måling, og personleg så foretrekker eg pollofpolls som ei bedre kjelde. 
Likevel, alarmklokker bør kime og blålysa blinke borte på Youngstorget, men dei ser ut til å være heilt lamslått. Uten at eg synes synd på AP eitt sekund. Dei har fått akkurat det dei har lagt opp til. Når eit tradisjonelt styringsparti framstår som etterdiltarar til den reaksjonære regjeringspartneren, så kan det ikkje gå bra.

Analyser om kva som gikk galt i fjorårets kommunevalg piplar ut i pressa, og vi andre kan sitte med popcornet vårt og fryde oss når vi ser intern krangling i Trondheim AP, og den eine statsråden etter den andre som trakker i baret. 

I dag synes det også som ein fjern drøm/mareritt den gang Sp flaug høgt på meiningsmålingane, og lanserte Vedum som statsministerkandidat. Those were the days, og dei kjem forhåpentligvis aldri tilbake. Eit parti som er villige til å bruke hundrevis av millionar på å løyse opp velfungerande samanslåtte kommunar og fylker, fortjener ikkje bedre. Det fins langt bedre ting å bruke pengar på.

Sp og V er no faktisk jamnstore, og har vore det på ei rekke målingar dei siste månadane. Det gamle lærarpartiet med eit litt ufortjent rykte som plassen for "dei intelektuelle og akademikarane" er altså like store som det "jordnære og folkelige" SP. Kven ville trudd det for eit par år sidan?

Andre positive trekk: MDG er over sperregrensa, og Krf og INP er godt under. 
Krf sine velgarar blir eldre og eldre, og ergo også færre og færre. I vårt sterkt sekulære og mangfoldige samfunn er dei nede på det absolutte grunnfjellet nå. La oss berre håpe dei held seg under sperregrensa. Det samme gjelder for det no oppsplitta INP. Slike einsaksparti pleier å avgå ved døden like fort som dei kjem, da den norske partifloraen virker til å ikkje har plass til fleire politiske parti nå. MDG og Frp er unntaka dei siste 50 åra som stadfester regelen. 
Om det er bra at MDG er over grensa? Ja. Eg har sans for ein del av sakene deira, og absolutt null sans for andre deler. Samanlikna med SP og Krf er dei likevel å foretrekke i elleve av ti tilfeller. 


Kor lang tid skal AP fortsette slik? Ikkje vil leiinga kalle det "krise", men når dei nå er det tredjestørste partiet, og med eit SV(!) som er i fin og hyggelig vekst, så er det jo ikkje andre ord å bruke. Det beste/verste av alt, er at dei ikkje fenger unge velgarar lenger. Det er jo bra.

Mitt håp er at Sp og AP fortset på samme måten som nå fram til september 2025.
I kveld lurer eg virkeleg på om dei klarer det? Det ser lovande ut!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden