I dag lurer eg på.....Stølsløypa

Eit par dager med dritvond rygg har gjort skrivinga til å havne laaaangt bak i prioriteringskøen. Til alt hell har vi noko som heiter  Luster Treningssenter, og ein av fysioterapeutane der, har fått meg på beina att.
Takk O Lov!!

Eg går ikkje på ski lengre. Det er slitsomt, kjedelig og kaldt.
Dessuten er eg livredd for å ramle, og teknikken er mildt sagt elendig. Gamle damer på 80+ kan gli fra meg uten å løyse svetten. Alle mine ski er anten kasta eller gitt vekk til Gjenbruksbutikken. 

Men det betyr ikkje at ein ikkje kan sjå verdien av vårt nye løypenett oppi Engjadalen.
Altså.....dette må være paradis på jord for dei som liker å¨gå på ski. 
Terrenget er praktfullt, løypene er flotte, og ein kan gå rundar, akkurat så mange som ein vil.

Det lokale bygdelaget har, saman med velvillige grunneigarar og stor dugnadsinnsats, fått til nokre av dei finaste løypene eg har sett.

"Korleis veit du det, du går jo ikkje på ski?"

Vel, det fins noko som heiter "foto" og "video". Dessuten har eg hatt mange turar i dette området på barmark, både til fots og på to hjul. Eg er faktisk ganske så sikker på at desse løypene må være noko av det beste i mange mils omkrets.

Nokre turforslag kan ein finne her, og forhåpentligvis kan denne videosnutten friste til ein tur også.

Vel, toget er gått for min del. Ski skal forhåpentligvis aldri meir festast til mine bein, men andre har vel bedre vett. 

Så da lurer eg på; Kva venter de på? Ta turen opp på Brunestegen, og bruk desse flotte løypene!



Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden