I dag lurer eg på.....Styrkeprøven

14.3.2024:
Utruleg nok; Ein post om turritt på sykkel fortjener oppdatering. Igjen.

Vel, katten er ute av sekken.
Sogn CK har avslutta samarbeidet med Styrkeprøven, og det har vært meir omtale av dette i Landevei.

Uten å ta stilling til kven som har rett, så er det iallfall ikkje tvil om kven som taper omdømme og sitt gode navn og rykte i denne saka. Styrkeprøven AS framstår igjen som furtne småbarn, som sutrer fordi andre ikkje vil danse etter deira pipe.
Joda, det er minst to sider av denne saka, men for ein utenforståande, så er det ikkje tvil om kven som har dumma seg ut. Styrkeprøven AS har ikkje levert varene, og når dei heller ikkje vil forholde seg til idrettens regelverk, så gjer Sogn CK det einaste rette; Dei avslutter samarbeidet. 

Eg forstår dei godt.
Denne rapporten, med ei utfyllande tidslinje er grei å forholde seg til, men igjen; Her er det kun den eine sida av saken vi får sjå. Vi får ta det forbeholdet.

Uansett om det er aldri så mange sider av ei sak, så har Styrkeprøven tapt alt av velvilje og omdømmet er blåst forlengst, når det faktisk ser ut som dei er villige til å trekke inn rettsapparatet i denne historia. 
Seriøst???
Styrkeprøven AS er villige til å belaste rettsvesenet med eit sivilt søksmål, fordi dei ikkje får arrangere eit turritt på sykkel??? Såklart vil dei hevde at det er "brudd på kontrakt" og greier, men sakens kjerne er uansett at Sogn CK ikkje vil la Styrkeprøven AS trekke flaggskipet Jotunheimen Rundt enda lenger ned i søla.

Det er f**n meg ikkje til å tru.

Styrkeprøven AS kunne hatt anledning til å opptre på ein meir ydmyk og imøtekommane måte, men velger altså å true med advokat og rettssak. Igjen: Fordi dei ikkje får arrangere eit sykkelritt....

I utgangspunktet hadde eg tenkt å legge Sognefjellsrittet på hylla, ein gang for alle etter 2022-sesongen med dei skader eg hadde den gang. Dersom Styrkeprøven AS verkeleg gjer alvor av trugsmåla sine, så er det nesten så eg får lyst til å ta turen enda ein gang, på trass, for å slite meg til Sogndal berre i solidaritet med Sogn CK.


Her er eit velmeint råd til Styrkeprøven AS: Avslutt samarbeidet på eit vettug vis.

Sei det t.d. slik; Dette fungerte ikkje som intensjonen var, og vi vil ønske Sogn CK lykke til med kommande arrangement.

Sånn. Så enkelt er det.
Men istaden vil de altså dra dette inn i rettsapparatet. Gudbedre, de trenger hjelp. 

****************************************

Denne trenger faktisk ein oppdatering!



Innimellom bråk i AP-bastionen Trøndelag (som er grunn til dra fram SEKKER med popcorn), så finner vi den smått overraskande meldinga om at Sogn CK vurderer å bryte samarbeidet med Styrkeprøven AS, vedr. arrangementet Jotunheimen Rundt.



På ein måte håper eg det skjer. 
Eg har vært deltager her 26 ganger, og med på arrangørsida to ganger. Eg tør påstå å ha ein smule erfaring på området. 
Jotunheimen Rundt, og lillebroren Sognefjellsrittet VAR eit fantastisk tiltak. Dei siste åra; not so much.
Det har ikkje vore samme gløden siden Styrkeprøven overtok, og etter å ha deltatt i alle utgavene av Sognefjellsrittet fram til i fjor, så fikk nok være nok. Det var ikkje gøy lenger. Årsaken var sammensatt, men ein av årsakene var at Styrkeprøven ikkje hadde samme kvalitet på arrangementet som Sogn CK hadde i alle år. 

Eg forstår godt at det kunne bli for stort å organisere desse flotte turritta, slik at Sogn CK til slutt måtte be Styrkeprøven om bistand. Men eg håper inderlig at rittet "kjem heim", der det skal være. Styrkeprøven sitt sololøp mot forbundet tjener dei liten ære.

Hvis eg kan få komme med nokre velmeinte tips, så vil eg be Sogn CK om å overta ansvaret igjen. Ja, det blir ein stor jobb, men få med t.d. IL Bjørn, Sogndal IL m.fl. og lag til ein eigen arrangørstab under Sogn CK-paraplyen. Mot ein andel av overskotet såklart. 

Lykke til! Håper Jotunheimen Rundt og Sognefjellsrittet  snart er tilbake.

PS; Eit tips til anna rundtur må være fra Sota til Styggevatnet, via Sognefjellet. Dog i eit langt mindre format.
Lurer på om det kunne vore noko????


************************************************

I 2017 hadde eg "gleden" av å delta, og på eit eller anna merkeleg vis også å fullføre, Den Store Styrkeprøven, dvs. Trondheim-Oslo. Det tok oss 25 timar å tilbakelegge dei 54 mila, og det kjem ikkje til å gjenta seg.

Det spørs vel om Styrkeprøven kjem til å bli gjentatt i det heile teke. Akkurat nå ser det skummelt ut, og kvifor er det blitt slik? Det lurer eg på i dag.

Styrkeprøven hadde på det meste over 4000 deltakarar, ein antal dei berre kan drømme om i dag. 
I fjor t.d. var det under 1500 med, og det var fordelt på alle distansane. Før i tida var det kun Trondheim-Oslo, men det er supplert med Lillehammer-Oslo, Eidsvold-Oslo, samt andre variantar som nå er borte.

Kvifor i all verden har antal deltakarar minka så drastisk?
Vel, først og fremst er det nok fordi folk ikkje gidder å sitter på sykkelen i eit døgn lenger. Det fins andre fritidsaktivitetar å bruke tida på. Det er heller ikkje billig å være med, pr. i dag koster det 2250,- i deltakeravgift, og eg trur at deltakerpremieringa må seiast å være....tja....minimal...
Forutan den stive påmeldingsavgifta, som blir dyrare jo lenger ut på våren vi kjem, så kostar det mange kroner i logistikk. Transport, overnatting o.l. 

Men spikeren i kista vil bli at rittet ikkje kan karakteriserast som trygt lenger.

Dette oppslaget fra bransjebladet Landeveg taler sitt tydelige språk.
Da vi deltok i 2016 og 2017, syntes eg det var eit godt vaktopplegg. Noko må openbart ha skjedd sidan den gang, når tryggleiken vert slakta så til dei grader fra politiet si side. 
Det er heller ingen god reklame for Styrkeprøven at fjorårets arrangement stod i den absolutte fare for å bli avlyst. Kun få dager før det skulle gå av stabelen, så fikk dei godkjenning. Så viser det seg altså at tryggleiken er langt fra ivareteke slik som politiet og Statens Vegvesen føresatte.

Dette er ikkje godt nok. Det er heller ikkje tillitsvekkande at det er lova bot og bedring sidan året før, og så er ingenting gjort. 
Rapporten fra politiet er heilslakt, og det må seriøse endringar på plass før det blir noko Styrkeprøve til sommaren. 

Som om ikkje dette var nok, så har arrangøren havna i storkrangel med NCF

Kven som har rett?
Det skal ikkje eg ta stilling til, men erfaringsmessig så pleier det å være feil på begge sider i ein konflikt. Om det er mogleg å inngå kompromiss, blant eldre bedrevitande herremenn på begge kantar....? Det vil overraske meg stort om det skjer. I SykkelNorge pleier ALLE involverte å vite best om det meste, og alle andre er idioter. 

Vel, eg trur dessverre ikkje Styrkeprøven overlever denne gang. Eg er glad for å ha opplevd dette, og finn glede i dei fine minna eg har fra turen fra Kvam i 2016, og den adskillig meir strabasiøse turen fra Trondheim året etter. Eg vil også sei tusen takk til alle dei som var på matstasjoner og det vi dengang opplevde som ein god og proff arrangør, med god trafikkavvikling og flinke vakter. Tidene har tydligvis endra seg sidan den gang.

Så da lurer eg på om Styrkeprøven kan reise seg etter dette. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden