I dag lurer eg på.....Superladerstasjon

I takt med stadig fleire elbilar på vegane, så har utbygginga av ladestasjonar også fått fart på seg.

Utviklinga har gått fort fra vi fikk den første offentlige ladestasjonen nede ved Pyramiden for åtte-ni år sidan. Ein enkel offentlig lader, med plass til to bilar og ladefart på maks 11 kw. Kanskje enda mindre også.
Stor var letta da vi fikk på plass "hurtigladarar" fra Grønt Punkt (Nå: Mer) i 2017-2018 var det vel. Her kunne to bilar lade med maksfart på 50 kw, samt ein normalladar på 22 kw.
Nå er hurtigladarane si tid snart over. 

Nå vil folk ha lynladarar, dvs. ladarar som gir adskillig meir straum enn tidlegare tiders hurtigladarar
Hurtigladar og lynladar er ikkje det samme, hvis ein måtte tru det. Lynladarane leverer mykje meir straum, såsant bilen kan ta imot det da.

Men det som har berga den nærast eksplosive veksten i elbilar på vegane, er at Tesla har opna sitt superladenettverk for andre merker enn Tesla. Vel, ikkje alle stasjonar er opna, men langt dei fleste.

Kva er så bra med Tesla sitt nettverk?
For det første så leverer dei mykje straum på kort tid. Her kan du fint få 150 kw på dei gamle stasjonane deira, og gjerne opp til 250 kw på dei nyare. Og enda bedre vil det bli.
Dernest er dei billigare å bruke enn konkurrentane sine stasjonar, det kan jo bety litt?
Tesla sine ladarar er pålitlige og driftssikre, og det er mange av dei. Gjerne åtte-ti stk på ein stasjon, og gjerne mange fleire enn det også.

Kor finn vi Tesla sine superladarar? Tja, stort sett over heile landet.

Dei røde punkta er operative stasjonar i drift, medan dei grå er stasjonar som er under bygging og planlagt opna i løpet av året.

Men la oss zoooome litt inn:


Kva ser vi nå? Her i området, dvs. Sogndal/Luster er det ingen slike stasjonar. Joda, vi har som nevnt dei to hurtigladarane nede ved Pyramiden, der ein var i uorden i dag, og vi har nokre lynladarar i Sogndal og Kaupanger. Forutan dette har vi ein ladestasjon i Fortun, samt normalladarane nede ved Statkraft. Til all lukke er det nokre gode lynladarar på gang nede på Røneidsgrandane, hvis ikkje så hadde det vorte rimelig krise på ladefronten til sommaren.
Så; Takk for at nokon er såpass framsynte at desse kjem på plass! Tommel opp:-)

Men dette er ikkje nok:
Vi treng meir. MYYYYKJE meir. Vi veit at Lærdalstunnelen kjem til å bli nattestengt i nokre år framover snart. Det vil naturleg nok føre mykje trafikk over til Vikafjellet på sommarstid, og da er det faktisk ikkje superladarar att før ein kjem til Dombås, evt. Skjåk!
Avstanden fra Voss til Dombås er på 35 mil.

Kva eg vil med dette?
Vel, det eg lurer på i dag (som jo er temaet) er om ikkje vi i Luster bør legge til rette for ein Tesla superladestasjon snart. Som sagt vil elbilandelen berre auke, og det er viktig å være framsynt.
Årdal kommune har allereie fått dette på plass. 

Ein superladestasjon der, vil naturleg gjere at reisande fra Bergen/Voss og som skal til Trøndelag, å legge turen om Årdal. På sommaren og på dagtid vel og merke, sidan Lærdalstunnelen blir nattestengt.

Men ved å etablere ein superladestasjon i Gaupne, som også kan dekke reisande til Jostedalen, så kan vi kanskje trekke fleire gjennom Sogndal/Luster enn via Årdal?? Joda, eg synes Tindevegen er landets flottaste fjellovergang, men kva er gale med å fordele dei gjennomreisande ein smule? Det er tross alt ikkje heile året Sognefjellet er ope heller.

"Jammen, om vinteren blir det jo ingen som gidder å lade der?"
Jo, det blir det. Allereie no er det kø nede på den eine hurtigladaren vi har einskilde dagar, og det blir GARANTERT verre. 

Tesla er kanskje ikkje alle sin kopp te, men det må være underordna her. Dei har verdas beste ladenettverk, og får ting gjort. Etter å ha prøvd ei rekke forskjellige ladeoperatørar dei siste seks åra, så er det ikkje tvil om kven som er best. Tesla ligg klassar over alle dei andre.

"Men kvar i bygda da?"
Det har eg sjølvsagt tenkt på forlengst.




Her bør det være plass til åtte-ti stasjonar, minst. Det må sjølvsagt tilretteleggast ganske så mykje, med tilførsel av straum og andre tekniske dingsar(!!), og så foreslår eg at terrenget vert heva ein smule, slik at ein slepp ubehaglige hendingar med flaum og greier. 
Kort veg til handel. Kort veg til ein matbit, samt andre naudsynte ærend. What is not to like?

Så da lurer eg på; Kan Luster kommune være med på å legge til rette for dette, ganske så kjapt?

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden