I dag lurer eg på......Veitastrondsvegen

Ja, så har det skjedd igjen. Vegen mellom Hafslo og Veitastrond er stengt grunna snøskred.
Til tross for utbetringar i form av tunnelar og rasvollar for nokre hundre millionar siste tiåra, så blir denne vegen framleis stengt grunna ras og rasfare nokre ganger i året. 

Og er det nokon som trur at det vert mindre farleg og ferdast på denne vegen i åra framover, med stadig villare vær?

Så det eg lurer på i dag er: Når skal folk på Veitastrondi få ein tryggare veg?

Jada, eg veit eg har mast om dette før, men det er spesielt aktuelt i dag. Vegen er jo stengt! Igjen.

Dagens vegtrase stammar fra ei heilt anna tid, da Norge var eit fattig land, utan vilje og evne til å bygge dei lange tunnelar som vitterleg trengst for at folk kan ferdast trygt til/fra denne flotte bygda.
Det er kome til stadig nye tunnelar, men det hjelper ikkje fullt ut. Vegen er og blir stengt nokre vinterdagar kvar vinter.
I dag har nasjonen både evne og midlar til å bygge dei mest storslagne bruer og tunneler som dei vil, men manglar viljen til å trygge eksisterande vegar. 

Det eg lurer på, er om det ikkje hadde vore best å bruke pengar på ein skikkeleg tunnel, t.d. til Stegagjerdet her i Gaupne.
Slik:

Ein ting er at det vert tryggare og ferdast til/fra bygda, ein annan fordel må være at det vert adskillig kortare til kommunesenteret, og omtrent like langt som i dag til Hafslo, iallfall i tid, om enn det kanskje er eit par km. lengre i distanse. 

Ein gang i tida var det visst snakk om ein tunnel over til Leirdalen, men det fallt ikkje i smak. Det forstår eg godt. Ein slik tunnel hadde kanskje blitt kortare, men med ein høgdeforskjell på 300 meter på litt over fem km, så er det uaktuelt i våre dagar. Dessuten er ikkje vegen oppi Leirdalen egna til særleg meir trafikk.



Folk fortjener ein trygg veg og ferdast på. Pendlarar, varetransport, besøkande, turistar, fastbuande....uansett kva gruppe det måtte være, så burde det forlengst ha vore ein bedre veg enn den rasfarlege strekninga vi har i dag.

Så; kor lenge skal veitastrendingane vente? Må nokon bli tatt av ei skrede først?
DET lurer eg på i dag. 

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden