I dag lurer eg på.....Zwift.

Nei, det er ikkje den kjente popsangeren Swift, men treningsappen Zwift.
Kva er det ? lurde iallfall eg på fram til i går.





Det er altså ei nettbasert løysing der ein kan sykle med/mot andre personar, fra heile verda. Samtidig. Inne. Uten å fryse. Uten å være i fare for å ramle. Uten å risikere og kollidere eller bli påkjørt.

Eg sykla masse innandørs tilbake på midten av 1990-tallet, men utviklinga på rullefronten har vore formidabel sidan den gang. 
På den tid var det ein rein treningsform (gudsjammerleg kjedelig). Nå er det eit sosialt nettverk med lyd og film, samt haugevis av data i tillegg.
Sidan eg var så dritlei av å sykle inne, utan anna enn å trakke rundt og å sjå på veggen, så var eg ikkje så overvettes entusiastisk med tanke på innkjøp av ein slik "smart-rulle". 

Det var min (langt) bedre halvdel som var fornuftig nok til å skjære igjennom. Så etter ein del fram og tilbake, med flytting og tilpassing av rom, TV, nye dekk, og ikkje minst oppkoplingar her og der, så voila!

Vi er i gang!

Det burde sjølvsagt ha skjedd for lenge sidan, men nå er det gjort.
Så ja; Eg innrømmer det gjerne; Eg tok feil. Innesykling er offisielt moro igjen, og det er lenge sidan sist. Alle spinningøkter har vore for å holde seg så nokolunde i form i vintersesongen, men gøy har det jo aldri vore.
Nå kan eg sykle akkurat når eg vil, på eigen sykkel, så lenge som eg gidder. Og eg kan utforske verda ein smule :-)

Joda, foreløpig er vi kun i oppstartsfasen, men etterkvart som vi får litt erfaring med dette, så opner det seg (bokstavlig talt) nye verdnar vi kan sykle i. Det ser eg virkelig fram til. Tenk å få trille opp alle dei tøffe fjella i Alpane, over brusteinen i Belgia og gjennom ørkenen i Arabia....
Det er nesten synd at vinteren snart er slutt og vi kan trille utandørs igjen.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden