Bergen - Trondheim

La oss sei at du skal reise fra Bergen til Trondheim. Eller motsatt.
Korleis reiser du da?

Tog er uaktuelt, hvis du ikkje liker å ta heile Gudbrandsdalen og så hoppe på Bergensbanen etterpå.
Det KAN sjølvsagt la seg gjere, eit lite søk på Vy-appen, viser imidlertid at det vil ta over 17 timer. Du kan såklart nytte buss på deler av strekninga, men det tar også si tid; Nesten 15 timar, samt at det medfører ei rekke buss og togbytter.

Du vil heller køyre bil? Det går fint. E39 kan være brukande til slikt, evt, nokre avstikkarar slik at du slipper unna nokre ferjer. OK, ei ferje MÅ du ta (Oppedal-Lavik), og så kan du køyre om Strynefjellet og ned til Vågå og over Dovre. Det blir ein tur på ca. 780 km. og vil ta i overkant av 11 timar.
Hvis ein vil ta E39 heile vegen, så tar det også over 11 timar, men det blir berre 700 km å køyre. Aberet er nokre ekstra ferjer.

Det er, som vi ser, kun eitt vettug alternativ når ein skal reise mellom vår neststørste og tredjestørste by.

Fly.

Ein tilfeldig dag nå i mars, var det satt opp 11 direktefly mellom Bergen og Trondheim. I kvar retning. 
Det var SAS, Norwegian og Wiederøe, gadd ikkje sjekke fleire flyselskap. Dessuten fins det haugevis av alternativ via Oslo, men dei kan vi ikkje bruke tid på nå.
Med manglande jernbaneforbindelse, og kronglete veg, så skulle det berre mangle at det blir slik. Kven tar sjansen på å sitte i bil i minst 700 km. om vinteren? Og kven orker vel å sitte på toget i 17 timar?

Joda, om sommaren har vi eit slags ferjefritt alternativ via landets kanskje flottaste fjellovergang, Tindevegen. Men det er ein opplevelsesveg, ikkje ei effektiv trafikkåre, iallfall ikkje opp/ned dei fem km. fra Øvre Årdal. Dessuten er dette ein veg kun for personbilar. Ein kan ikkje frakte gods her.


Men treng det å være slik? Dvs. haugevis av fly mellom Bergen og Trondheim, der ein først må ut på Flesland, evt. Værnes, og så komme seg til endeleg møtestad? Møte opp ei viss tid før avreise, vente på bagasje..... å herre kor glad eg er for at eg er ferdig med slike jobbreiser.....

Neida.

Da vi byrja med jernbanebygging for 150 år sidan, så var det i den hensikt å knytte landet saman. Men i eit grisgrendt land, så gikk vi over til flytransport for ein del tiår tilbake. Jernbaneutbygging har eigentleg ikkje vore eit tema sidan Nordlandsbanen stod ferdig på 1960-talet.

Joda, eg veit godt at det var viderløftige planer om jernbane mellom Trondheim og Bergen, og eg har sett utkast til diverse trasear, bl.a. den som skulle gå gjennom vår eigen kommune, og opp Jostedalen og ned att i Skjåk.
Slike trasear er sjølvsagt uaktuelle i dag. 

Men det fins andre løysingar for å knytte Bergen og Trondheim nærare kvarandre. Eller rettare: For å knytte Vestlandet saman med Midt-Norge og Innlandet.
Ein rassikker veg og jernbane mellom Bergen og Voss kan være mogleg, muligens ser vi det allereie på neste NTP som blir lagt fram snart. Langt bedre forslag enn å øse ut milliardar på Hordfast, men det er ein annan historie.
Det geniale i dette forslaget er traseen mellom Voss og.......ta-daa!....Otta.

Store deler av vegtraseen er der allereie, det er kun mellom Årdal og Lom det manglar ein stabil veg, noko vi har sett foreslått i form av "Sognefjellstunnelane" tidlegare. Ein tunnel mellom Øvre Årdal og Skjolden t.d. samt ein under Sognefjellet, t.d. mellom Fortun og ein stad oppe i Bøverdalen.





Mellom Årdal og Fortun er det faktisk ikkje meir enn knappe 20 km. med tunnel, og det omtrent uten stigning.

Fra Fortun blir det ein lengre sak over til Lom kommune, alt etter kor mykje stigning ein vil tåle. 
Ein KAN lage ein tunnel på knappe 19 km. men det vil gi ein stigning på 900 høgdemeter, og det er neppe særleg gunstig.



Nei, skal ein gjere noko, så får ein gjere det skikkelig. Ein flatare tunnel, om enn ein god del lengre er å foretrekke. Slik:



Det vil bli ein uhorveleg lang tunnel, men det ser ikkje ut til å være problemet her i landet. Om det er noko vi virkelig kan, så er det vel å bygge tunnelar. Dessuten vert stigninga betydleg mindre, ca. 500 høgdemeter, og det kan vel gå an å leve med.

Rosinen i pølsa kjem nå: 
Dette skal ikkje være berre ein bilveg. Neida. Dette blir ein nytt gigantisk dobbeltprosjekt, der vi også bygger jernbane samstundes. 
Fordeler: Vi får eit nytt kommunikasjonsmiddel som knytter Vestlandet saman med dei før nevnte landsdelar, og vi kan få ein trygg veg mellom øst og vest, uten farer for vinterstengte fjellovergangar.
Ulemper: Det vil koste ubegripeleg masse kroner. Samt at vi må finne ein plass å oppbevare tunnelmassane....

Med dette på plass, vil vi få ein ferjefri tur mellom Bergen og Trondheim på ca. 610 km. Med eit skikkelig jernbanenett, så kan ein fint få reisetida ned til under fire timar, endatil ned mot tre. Med tanke på at fly mellom desse byane tek ein time, samt at ein skal til/fra flyplassane, så vert ei effektiv jernbane eit reellt alternativ.


Om dette skjer?


Aldri. Iallfall ikkje dette med jernbane fra Voss til Otta. Sognefjellstunnelane (for bil) er muligens ikkje heilt uaktuelle, men det blir iallfall ikkje i mi levetid.


Men det er lov å drøyme.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden