"Lustraruter 2024"

 Etter å ha trilla opp mange av dei bakkane som fins i kommunen, og det er ikkje få, så prøver vi på noko nytt til neste år.


La oss få presentere "Lustraruter 2024"!

Framleis basert på Strava, men nå med det som heiter "Ruter" og ikkje "Segment".

Tidsrom:  1.4.2024 - 31.7.2024.
Du får eitt lodd for kvar gang du fullfører ei rute. Det betyr at dersom du i denne perioden sykler åtte ganger rundt fjorden, så får du åtte lodd. Jo fleire ganger du tek ein av rutene, jo fleire lodd vinner du altså.
Vi plukker ut tre gavekort fra alle lodda, slik at dei som har flest turar også får flest lodd, og ergo større vinnarsjansar. Maks ein premie pr. deltakar!

Eg held kontrollen via Strava, og legger inn deltakarar og antall turar etterkvart i eit xl-skjema.

Lukke til, og god tur!
For ordens skuld: Du må være medlem i Luster Sykkelklubb for å få lodd :-)

Rute 1:



Gaupne - Nigardsbreen. Alle lokale kjenner til denne strekninga, men vi må altså heilt fram på parkeringsplassen til Nigardsbreen.


Rute 2:


Mange av oss har nok sykla denne fine turen fra Hafslo til Veitastrondi også, men denne turen er adskillig mindre beferda enn fram i Jostedalen. Hugs for all del å ta med gode lykter ifall du velger å sykle gjennom tunnelane! Endepunkt på ruta er lokalbutikken på Strondi.


Rute 3:



Fjorden Rundt. På kartet er Urnes satt opp som start og Solvorn som mål. Det er berre for å lage ei rute. Det er det samme kor ein startar, og i kva retning turen går. Dvs, du kan gjerne starte på Skjolden eller Marifjøra, berre du tek heile runden.

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden