Postkassetrimmen

Vel, da var haustens dårlegaste nyhende kome i innboksen min; Den fine appen "Postkassetrimmen" skal leggast ned.
Ikkje slik over natta, men til vår/sommar ein gang.

Kva i all verda er vel Postkassetrimmen, vil du kanskje spørre?

Det er ein app, såklart, der ein kan oppsøke diverse turmål rundt om i landet. Når ein er framme ved turmålet, så sjekker ein inn og kan legge ved eit bilde hvis ein vil.
Eg veit ikkje kor mange turmål som er laga  her i landet, men det er sikkert tusenvis.
Ein del av det morsomme har vore diverse "bradger" som ein har kunna gjere. Det kan være antall turar, dagar på rad, antall turmål, samt ei rekkje andre mål ein kan sette seg.

Personleg, så begynte eg ikkje å bruke appen i særleg grad før på hausten 2023, og eg har ikkje gått meir enn 300 turar totalt. Det er ikkje meir enn mange tek i løpet av ein månad verkar det som.
Her i kommunen, Luster, har appen blitt mektig populær, noko som ikkje er så rart. Vi bur i ein friluftskommune med fjordar, fjell, fossar, stølar, dalar, brear og you name it. Det er sikkert nokre hundre turmål berre her i kommunen.

Sjølv om eg har gått toppturar i mange år, så var Postkassetrimmen likevel noko heilt nytt og artig. Her treng ein ikkje gå i seks timar for å sjekke inn, slik som på Topptrimmen til Luster Turlag.

Og det er nettopp dette som er det geniale med heile Postkassetrimmen; Ein får både i pose og sekk!

Det er turmål for dei som vil gå på landets høgste toppar og mest avsidesliggande dalføre, men også enkle turar for familefolk med barn og for dei av oss som har helseutfordringar.
Denne kombinasjonen av krevande og enkle turar har vore heilt fantastisk bra! Det kan ikkje fullrosast nok, og heller ikkje overvurderast kor motiverande appen har vore for mange av oss. Utan appen, så hadde vi aldri kome oss på mange av dei stadene vi nå har besøkt.

Eg skal ikkje klandre eigar av appen for at han nå legg den ned. Det må ha vore enormt mykje arbeid, og da tenker eg spesielt på dette med personvern og godkjenningar fra Apple, Google og kva dei nå heiter alle saman. Det at appen har vore gratis, har sjølvsagt fått mange til å bruke den, så det er ikkje rart at arbeidsmengda har vore stor.

I det lengste kunne eg håpa at eigaren skifta syn, og gjerne laga til ein betalingsversjon med dagens "bragder". Det synes eg ærleg talt eigaren hadde fortjent, så mykje arbeid som det sikkert har vore. Joda, det hadde sikkert falt fra ein del brukarar, men dersom ein tenker arbeidsmengde, så kunne det vore eit alternativ.

Vel, dersom det framleis blir slik at appen blir lagt ned (kryssar fingrane for at det ikkje skjer), så må eg få lov til å takke for all inspirasjon den har gitt oss. For framtida får vi prøve å fortsette med den gammeldagse Topptrimmen, med kort, klippetang og bok(!).
Hadde eg hatt ei viss aning om korleis ein laga ein slik app, så skulle eg gjerne ha laga ein lokal variant, Lustratrimmen, men det blir vel med ideen der også :-)

Til slutt: Takk for alle turar du har gitt oss, Postkassetrimmen, du vil bli sakna!

Kommentarer

Populære innlegg fra denne bloggen

Folkens, vi må snakke om Senterpartiet i ruspolitikken.

Norsk narkotikapolitikk; Det er eit underleg skue.

Topptrimmen 2023 - 2025: Stetinden