Burde vi bli med i EU? Såklart!
19.1.2026:
Ord blir overflødige.
************************
17.1.2026:
Det siste året har vist oss kvifor vi i enda større grad enn tidligare må bli med i EU.
Dei av oss som framleis trur at USA skal komme oss til unnsetning om og når vår farlige nabo øst skulle leike enda meir imperialistar, må for alvor ta seg ein bolle.
USA under den snart 80 år gamle kjempebabyen er eit kaos. Vi kan berre gløyme alt som måtte minne om bistand fra NATO, dvs. USA. Vi snakker om ein statsleiar som i fullt alvor snakker om å invadere og annektere ein del av ein nær alliert sitt territorium. Vår einaste supermakt angriper land i Afrika, Sør-Amerika og Asia. Er det ein einaste grunn til at det samme ikkje skulle skje i Europa?
Så mykje for "America First" forresten.
Ein skal være svært ihuga EU-motstander for å ville stå utanfor den Europeiske Unionen nå. Neida, EU er lysår fra å være perfekt. Det er eit overbyråkratisert og detaljstyrande konglomerat av reglar å forholde seg til, som vi i Norge har stort sett fulgt til punkt og prikke, fordi vi er med i EØS, eller EU-light som det burde heite. Problemet med ein slik avtale er at vi må følge alle direktiv som kjem fra Brussels, utan at vi kan være med på å bestemme kva direktiva skal innebære.
Hovedårsaka til at vi må bli med i EU er at vi må stå saman med resten av våre næraste samarbeidspartarar, nå som USA ikkje lenger er til å stole på, og vår farlige nabo så hensynslaust turer fram mot andre naboar. Vår samfunnstryggleik må vege tyngre enn at vi klager på nokre strømkabler til/fra kontinentet, eller at bøndene klager over konkurranse fra importerte varer.
På eitt år har verda endra seg mykje, og den einaste trøsta må være at det er under tre år til neste presidentvalg i USA. Da er kjempebabyen blitt 83 år, og ingenting tyder på at nokre i hans næraste krets er i stand til å overta. Heldigvis.
La oss også krysse fingre, tær og hårstå for at den amerikanske hæren følger lova, og ikkje innfalla fra ein rabiat idiot.
Men kva gjer vårt regjeringsparti? Næh, ovanfor oss, velgarane, så er det som vanlig vagt, ullent og bortforklarande. AP vil ikkje (les; Tør ikkje) ta ein ny EU-debatt, muligens av frykt for at deira "samarbeidspartnarar" kan vokse seg misnøye mot EU. Hvis du nå, i dagens verdssituasjon ikkje ein gang tør å ta debatten om EU, ja da fortjener du ikkje å bli kalla eit "styringsparti" lengre.
Island skal ha folkeavstemning om EU, kanskje allereie dette året. Tidlegare har det vore eit solid fleirtal mot EU på sagaøya, men med ein kommande amerikansk ambassadør som presterer ein slik spøk, så kan nok folkemeininga snu seg.
Det er heller ikkje spesielt morsomt når NATO-partner, men også EU-medlem uttaler seg slik som dei gjorde i Kroatia her om dagen. Men slik kan eit EU-medlem sei, i trygg forvisning om at Norge står utanfor det gode selskap, og såleis kan være eit førstevalg for å bli ramma av imperialistiske tankar, om dei så er fra Russland eller USA.
*************************************************************
Kjapp oppdatering pr 28.2.2025:
Hvis vi har litt ryggrad her i landet, så selger vi vår andel i Tesla, og gir pengane fra salget direkte til Ukraina. Med "vi" så meiner Statens eigerandel i Tesla gjennom Oljefondet.
Kveldens forestilling fra USA var grusom.
*************************
Det er gått over 30 år sidan forrige EU-avstemning her i landet.
Før den tid var det 22 år sidan vi sa nei til EF.
Trenger vi så ei ny folkeavstemning nå?
Både ja og nei.
"Ja" fordi alle som er yngre enn 47 (!!) år ikkje har fått sagt kva dei meiner om saka.
"Nei" fordi vi tross alt har valgte representantar i vår lovgivande forsamling, som burde klare dette på eiga hand. Det er derfor vi har valgt dei.
Eg stemte "ja" i 1994, og kjem garantert til å gjere det igjen, dersom det vert folkeavstemning dei næraste åra. Noko eg ikkje trur kjem til å skje, berre så det er sagt.
Det er fleire årsaker til det, men det viktigaste er sjølvsagt det moralske, økonomiske og militære forfallet vi ser i USA sidan 20.januar. Ein dum, sjølvopptatt idiot er blitt president igjen, og denne gang er det ingan vaksne i Huset som kan stoppe han. Omgitt av andre sjølvopptatte idioter, spyttsleikarar og mangemiliardærar, så er det ingen som (foreløpig) har ryggrad til å stå imot den oransje bølla.
Vi har med eitt fått ein alliert som stemmer SAMAN med Russland, Belarus og Nord-Korea i FN.
Eller "alliert" passer vel bedre.
Vi kan ikkje stole på USA dei neste tre år og 11 månader, minst. Hverken på den eine eller andre måten.
NATO uten USA er som ein bil uten motor, hjul og ratt.
Vi kan ikkje forlite oss på at USA skal komme oss til unnsetning dersom vår barbarnabo i aust skulle finne på noko tull, t.d. på Svalbard.
Russland er, som Israel, istand til å ture fram mot sine naboar utan å ta det minste hensyn. Begge desse landa kjenner kun eit verkemiddel, og det er rå makt. Og den makta bruker dei på å massakrere uskuldige i nabolanda.
Det er derfor på tide at vi søker tettare samarbeid med våre næraste handelspartnarar og allierte på denne sida av Atlanteren, samt Canada.
Vi har hatt ein god EØS-avtale i mange år, men nå treng vi meir. Den som trur at vi kan få til særskilde unntak fra evt. tollbarrierer til USA, lurer kun seg sjølv. Kvifor skal USA ta hensyn til OSS, eit land med ein fjerdedel av innbyggartalet i deira største by?
Det einaste som kan stå imot i ein slags handelskrig med USA er EU, og nettopp derfor må vi være med der, som fullverdig medlem.
"Men distrikta da?", vil du kanskje spørre. Ja, kva med dei? Trur de verkeleg at det skal gå heilt skeis fordi vi brått får medbestemmelsesrett i EU? Vi er allereie med i EØS, og føyer oss til alle dei direktiv som kjem fra EU, det einaste vi ikkje kan påverke, er korleis direktiva skal være. Vi sitter på gangen og tar imot det som kjem.
Hvis EU hadde vore så ille som motstandrane her heime openbart trur, så undrer eg meg verkeleg på kvifor fleire og fleire land har blitt med i dette fellesskapet. Er det kun for å holde sugerøret nede i subsidiekassa til Brussel? Neppe.
Når det endatil på Island tar seg opp ein stadig sterkare debatt om å bli med i EU, så er det på overtid at det samme skjer her. Joda, vi kan sitte som nokre søkkrike egoistar her i nord, men det hjelper ikkje for all framtid. Det er ingen god måte å sørge for sin eigen tryggleik dersom vi kun skal ha nokon til å hjelpe oss, den dagen VI treng det.
Dessverre har vi ikkje særleg mange politikarar på toppnivå som er villige til å ta debatten nå. Våre to styringsparti vil eigentleg begge inn i EU, men ingen av dei tør å gå i bresjen for det, det er jo snart valg! Eg tipper at i oktober vil dei første sterke stemmene fra AP og H melde seg.
Ein annan viktig grunn til å være for EU, er sjølvsagt at SP er i mot, så da er nok eit medlemsskap i unionen ein god ting. I SP foretrekker dei som kjent å reversere politikken og samfunnet.
Alt var liksom bedre før.
Men det var det jo ikkje nødvendigvis.


Kommentarer
Legg inn en kommentar