I dag lurer eg på......Kven er dei verste i rusdebatten?
Etter å ha vært engasjert i narkotikadebatten nokre år nå, og sett den endringa som har vore, så er det på tide å komme med ein slags konklusjon på kven som er dei verste i dette ordskiftet. Det har eg lurt på ei stund, og gudane skal vite at det har vore mange kandidatar. Mange av dei har heldigvis blitt mindre og mindre synlige, fordi dei ikkje har noko nytt å komme med, og kverner på dei samme gamle visene. De veit; Den type argumentasjon som VI fikk servert på ungdomsskulen og gymnaset for 40-50 år siden. Vel, her er eit hint; Verden har endra seg siden russetida vår i 1984. Da drakk vi som svin, og eg kan garantere at alkoholkonsumet var minst like heftig den gang som blant dagens russ. Men det var ikkje så nøye, alkohol var så uskyldig, i motsetning til HASJ og HEROIN, som vel var dei einaste narkotiske stoff vi kjente til på den tid. I våre dagar kan den oppvoksande generasjon mykje meir om illegale rusmiddel enn oss gamle/halvgamle. Med nokre unntak, som vi skal sjå lenger ned...